Ei nyleg gjennomført undersøking blant kommunestyrepolitikarar på Sunnmøre viser at politikarane på Hareid har stort engasjement, og det er stor gåve for ei bygd. Etter mange år med magre tider er mange utolmodige, og det er ei fin drivkraft for utvikling. Eg kom til Hareid for 1 ½ år sidan. Siste åra før den tid var hovudfokuset å få kommunen ut av ROBEK, og verte herre i eige hus. Der gjekk vi over målstreken i 2017. Kva som elles vart gjort og ikkje gjort ligg i fortida. Utover å lære av det som ein skulle ynskt ein gjorde annleis, er det lite ein får gjort med det. Så mitt fokus er å sjå framover.

Stillstand og/eller kapasitetsutfordring

Eg vil knytte nokre kommentarar til dette sett frå administrasjonen si side. Innanfor ei periode på eit par år har det vore utskifting av rådmann og heile toppleiarnivået, og det vil ta noko tid før ein er fullt operativ. Eit av den nye toppleiinga sine første oppdrag frå kommunestyret var å omorganisere den kommunale organisasjonen. All omorganisering er tidkrevjande, og særskilt i ein stor og kompleks organisasjon. Dette går på kostnad av den daglege drifta. Ny organisasjonsmodell kom i drift frå 1.01.18. Sjukefråvær i sentrale stillingar har gjort at ein må dekke opp for kvarandre, og prioritere dagleg drift og enkeltsaker. Her har vore eit etterslep på byggesak på fleire år. Det er sett inn tiltak for å rydde opp, og det er vi godt i gang med. Det har vore/er problem med å rekruttere personell på teknisk, og det har vore vakanse i faste stillingar. I denne sektoren er kommunalsjefen ny, og to av tre einingsleiarar kom nye i 2017. Den tredje vert ny i 2018. Hareid kommune har bak seg eit stort løft med ny organisasjonsmodell og stor fornying av leiargruppa. Eit generasjonsskifte har medført tap av gamal kunnskap, men nye vil bidra med sin kunnskap og etter kvart bygge si erfaring.

Det har vore ei hektisk periode, men vi har fått ein grundig gjennomgang av kommuneorganisasjonen si drift, og veit kvar vi treng å verte betre. Vi vil arbeide målretta med dette. Dette vil krevje tid, men det er heilt nødvendig og vil lønne seg i andre enden. Vi har i same periode fått oppretta nye interkommunale samarbeid, vi har medverka i arbeidet med helsehus, og hatt fleire renoveringsprosjekt for å nemne noko. Med ein slik driftssituasjon har administrasjonen i liten grad har hatt kapasitet til å produsere saker utover det som har vore knytt til løpande drift og pågåande prosjekt. I det vidare arbeidet er det også viktig å vere realistisk på kva som er mogleg å oppnå. Ein får ut det ein puttar inn. Som småkommune er Hareid kommune er ein liten og sårbar organisasjon. Vakanse eller sjukefråvær får store konsekvensar for produksjonsevne og kapasitet. Slik er kvardagen, og framover vil dette krevje nye løysingar med tanke på samarbeid utover dagens kommunegrenser.

Saman med Hareid Næringsforum har kommunen fått prosjektmidlar til å starte eit bedriftsutviklingsprosjekt på Hareid. Eg opplever godt samarbeid med næringslivet, og godt samarbeid og aukande tillit mellom politikarar og administrasjon. Mange frivillige gjer ein fantastisk innsats for lokalsamfunnet sitt. Med ei slik positiv drivkraft frå så mange frontar kan vi ikkje anna enn lukkast, om vi samlar krefter og dreg i same retning. Alt ligg til rette for det no. Med dei politiske vedtaka som vart gjort i desember har vi staka ut kursen, og vi er ute frå startstreken. Med godt lagarbeid mellom partane går vi saman mot målet.