26 år seinare held ho framleis på tradisjonen.

– Menn har ein heilt annan måte å ta omsyn til barna på enn oss kvinner. Eg har alltid opplevd at dei har vorte tatt godt imot av både barn og vaksne.

For Perny handlar det i botn og grunn om likestilling i arbeidslivet. Og for ho gjeld det like mykje i barnehagen som i andre typar yrke.

– Ikkje tenk slik at du skal ha ein mann inn i barnehagen fordi han skal vere ein slags vaktmeister. Det er ein baktung og gammaldags tankegang. For eg har kanskje snikra meir enn alle mennene eg har hatt i barnehagen til saman. Det handlar nemleg ikkje om kjønn men om personligheit.

Trivselsfaktor

Barnehageleiaren innrømmer likevel at det er meir boltring og fysisk aktivitet med menn. Ho fortel at dei utnyttar heile det motoriske feltet og at det er ein viktig ressurs for barna. Vidare kan ho vise til eit meir variert arbeidsmiljø og betre trivsel på generell basis, og at det igjen gir fornøgde barnehagebarn og foreldre.

–Eg har også jobba for å få firedeling på teamet mitt. Det betyr at det er ei blanding av menn og kvinner, unge og erfarne. Det er kanskje den største trivselsfaktoren vi har på vår arbeidsplass.

Fortidsgufs

Eg trur at spesielt fedrar har godt utbytte av at andre menn tek seg av barna deira i barnehagen. For også dette med at «barn er skeptiske til menn» ber preg av fortidsgufs, syns Perny. Ho meiner at papparolla er heilt annleis no enn før i tida.

– Samfunnet har modernisert seg sopass, at slike tankesett passar rett og slett ikkje inn lenger, avsluttar ho.

Er det dei vaksne som er mest barnslege eller? Foto: Beate Muren.