– Det vil koste ein del pengar, men med god hjelp frå bygdefolket og forhåpentlegvis også sponsorar, så skal vi nok få til dette, seier styreleiar Marianne Svendsen Vik til Vikebladet Vestposten.

Hjortekaker

Den herlege lukta av nysteikte hjortekaker kom sydande ut frå kjøkkenet i det underteikna gjekk inn i kjellaretasjen på Vonheim på Flø laurdag ettermiddag. Der var fleire kvinner og menn i full gang med å preparere hundrevis av dei velsmakande kjøtkakene, i tillegg til alt det gode tilbehøyret, som skulle seljast under basaren søndag. Resten av bygdefolket var sjølvsagt inviterte til kalas.

Då søndagen kom var det mange som møtte fram for å få seg ein god matbit og for å ta lodd.

Under lokalavisa sitt kjøkkenbesøk fortalde styreleiar Svendsen Vik at det var fleire av bygdefolket som hjelpte til med prepareringa av hjortemiddagen og leverte gevinstar. Nokre laga deigen, andre steikte hjortekakene, og andre igjen skrella poteter.

– Så har vi også fått fleire til å lage kaker, som vi serverer etter middagen.

Må skifte ut taket

Flø kristelege Ungdomslag blei etablert i 1901, med Olur E. Midtflø som fyrste formann. Det var dette laget som 25 år seinare stod for oppføringa av Ungdomshuset Vonheim.

Flø var i 1903 ei bygd beståande av fiskarbønder og sjøfolk, medan staden i dag har innbyggjarar frå alle moglege yrkesgrupper. Men éin ting har bygdefolket på Flø hatt til felles gjennom alle dei år, ein sterk dugnadsande. Vonheim har vore ein samlande stad for bygda sidan bygget blei sett opp, og er staden der jonsok, nasjonaldagen og mykje anna blir feira. Jonsokgrauten, som blir laga frå grunnen av, er Vonheim spesielt kjende for.

No treng det flotte huset verkeleg ei overhaling. Først ut er taket.

– Taket er første prioritet. Med nytt tak kan bygget stå i nye hundre år. Etter kvart må vi også ha inn nytt kjøkken, gjere huset universelt tilrettelagt og pusse opp toaletta. Det er meir enn nok å ta tak i, for å seie det slik, seier Marianne Svendsen Vik.

Fekk støtte frå Kulturminnefondet

Ein har frå før fått skifta ut alle vindauga på huset, gjort mykje med veggane og sist ut gjort ein stor innsats i høve dreneringa rundt huset. Huset blei også måla i fjor.

For tre år sidan fekk styret for Vonheim eit prisoverslag for jobben med å skifte taket, og overslaget den gongen var på rundt 750.000 kroner. Justert for pris meiner styret prisen i dag truleg ligg høgare.

– Gledeleg er det då at Norsk kulturminnefond allereie har støtta oss med heile 290.000 kroner. Då er vi eit stykke på veg. Den støtta er også avhengig av at vi klarer å samle inn like mykje sjølve på tre år. Denne støtta fekk vi i fjor, så vi har framleis litt tid på oss. Vi set også stor pris på støtte frå andre organisasjonar. Dette er limet i bygda, verkeleg, seier Marianne Svendsen Vik.

Det har også blitt starta ein spleiseaksjon der det er mogleg at alle som vil vere med på å støtte Vonheim, kan bidra.

Potetskrellar: Reiner Wierny og fleire andre skrella mange poteter i førebuingane til hjortemiddagen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Lidun Hareide steikte saman med dei andre fleire hundre hjortekaker. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.