Fylkesveg 61 like ved Sulesund ferjekai er stengt etter ei trafikkulukke mandag ettermiddag. Politiet er på staden og det blir informert om at det er ei alvorleg ulukke.

Ifølgje NRK Trafikk sin twitterkonto melder bilistar på staden om at vegen er stengt.

Sunnmørsposten skriv at det er eit vogntog og to personbilar som er innblanda i ulukka.

Ulukka skaper ein del trafikale utfordringar på staden og det blir meldt om lange køer i området.

Politiet skriv i ei oppdatering på Twitter at ein person er stadfesta omkomen etter ulukka. Både kriminalteknikarar og Statens vegvesen si ulukkesgruppe er på veg til staden. Poltiet forventar at dei trafikale utfordringane vil vare ei stund.

Ferje til Solavågen

Ulukka skaper også utfordringar for ferjetrafikken. Reiarlaget Norled skriv i ei driftsmelding at ferjesambandet Hareid-Sulesund vil gå frå Hareid til Solavågen ei periode framover. Ferja gjekk til Solavågen fram til midnatt, men tysdag er det trafikk som normalt på sambandet.