Namn på omkomen frigitt

Politiet har tysdag formiddag frigitt namnet på han som omkom i ulukka ved Eiksundbrua måndag ettermiddag.
Nyhende

Den omkomne var 82 år gamle Inge Bigseth frå Hareid.

Inge Bigseth døydde på staden etter at bilen hans kolliderte med ein annan bil på Eiksundbrua.

Ifølgje lensmann Hans-Eirik Pettersen fekk bilen truleg skrens på det glatte føret og kom over på feil side av vegen.

Den omkomne skal obduserast, for å fastslå dødsårsaka.

Lensmannen reknar med å ha svar på obduksjonen i løpet av nokre dagar.