Ifølgje undersøkinga frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) har sju av ti nordmenn over 18 år minst eitt abonnement på enten ei avis eller eit magasin.

– Det er ein stor del, seier marknadsanalytikar i MBL, Bente Håvimb.

62 prosent abonnerer på minst éi avis. Åtte av ti av desse held seg med ei lokal- eller regionavis.

– Vi ser at nyheitsmedia dekkjer ei rekke behov blant dei som har abonnement, og at ulike typar aviser utfyller kvarandre ved å dekke ulike behov, Håvimb.

Aktive brukarar

Drygt 80 prosent av dei 1.054 som deltok i undersøkinga, oppdaterer seg dagleg eller i veka på nyheiter i riksdekkjande medium. 77 prosent brukar aktivt lokalavisene. Blant abonnentane har dei fleste eit kombinasjonsabonnement med både papiravis og nettilgang.

63 prosent hentar nyheiter frå Facebook, og omtrent like mange ser dagleg nyheitssendingane på NRK.

Ikkje overraskande viser undersøkinga at jo eldre ein er, jo meir sannsynleg er det å vere avisabonnent. Ni av ti over 60 år abonnerer på minst éi avis, medan dette gjeld berre for ein av tre av dei under 30.

Fleire betalingsmurar

Undersøkinga har også sett på betalingsviljen blant folk for nyheiter på nettet.

I takt med fallande annonseinntekter har mediehusa trappa opp jakta på betalande lesarar, og dei siste åra har det vore ein enorm vekst i betalingsløysingar for digitale nyheitstenester. Delen aviser som har nettnyheiter bak ein betalingsmur, har auka frå 3 prosent i 2011 til 88 prosent i 2017.

Ifølgje undersøkinga har berre eit lite mindretal, 8 prosent, kjøpt seg tilgang til nyheitene bak betalingsmurane til riksdekkjande medium som Dagbladet og VG (Dagbladet+ og VG+). Men talet aukar.

– Det viser at det er fullt mogleg å lykkast digitalt, seier Håvimb.

«Gratispassasjerar»

Over halvparten av dei spurde, 52 prosent, meiner at dei får nyheitsbehovet sitt dekt gjennom gratiskjelder. «Gratispassasjerane» er gjerne yngre mediebrukarar. Nærmare ni av ti meiner det er usannsynleg at dei vil teikne eit abonnement det neste året.

– Dei som er gratispassasjerar, oppgir at dei har vanskelegare for å orientere seg i nyheitsbildet og at dei i mindre grad stoler på dei nyheitene dei les. Dei oppgir også at dei i mindre grad les nyheiter med andre synspunkt enn sine eigne. Dette kan på lang sikt bli eit demokratisk problem, dersom halvparten av befolkninga ikkje klarer å følgje med på kva som skjer i samfunnet, meiner Håvimb.

Ein av tre i denne gruppa har likevel minst eitt abonnement i dag.

– Det betyr at det også er andre grunnar til å abonnere enn berre å få dekt nyheitsbehovet, seier Håvimb.

(©NPK)