Det er OL. Akkurat det reknar eg nesten med at du har fått med deg, for både aviser, nyheitssendingar på tv og radio, samt sosiale medium er fylte til randa med stoff frå dei Olympiske Leikane i Pyeongchang.

Det er vêrtrøbbel, smøretrøbbel, formsvikt, sjokksigrar, sjokk-kulde, norske tårer, svenske sensasjonar, jubelbrøl, reklamepausar på feil tidspunkt og mange våkenetter.

For det er ikkje til å kome unna at mange brukar mykje tid på å få med seg det som skjer i løpet av OL-dagane. Også når leikane går føre seg på andre sida av kloden, og at mange øvingar difor går føre seg midt på natta.

Det er jo noko spesielt med OL, og det er eigentleg forståeleg at folk vil få med seg det ypparste vi har av norske idrettsmenn- og kvinner i deira kamp om edelt metall.

Og det blir det jo ofte ein del av. For då Maren Lundby tok gull i normalbakken i hopp så var ho den 100. norske utøvaren med gull. Totalt hadde Norge 118 gull i vinter-OL før leikane i Pyeongchang. Etter OL vil talet vere ganske mykje høgare.

Det er kjekt med folk som er flinke og som får det til når det gjeld som mest. Sjå berre på vår eigen Karsten Warholm. Ein brukar ikkje altfor mange kaloriane på å vere tilskodar til hans store prestasjonar, men vi kjenner likevel at vi har ein liten del i eventyret, på same måten som med dei norske OL-deltakarane.

Men kvar skulle eg eigentleg med dette? Jo, det var noko med våkenetter.

For min eigen del er talet på netter eg har vore oppe for å sjå OL denne gongen null – 0. Eg veit at mange sit oppe, eller står opp grytidleg, for å få med seg det aller meste som skjer i Sør Korea, men eg har ikkje kome dit. Ikkje endå i alle fall.

Slik har det ikkje alltid vore. Sportsinteressa har alltid vore svært sterkt. Sportsidiot og fotballidiot har vore meir som eit heidersteikn å rekne.

Difor har eg også sett svært mykje på sport, både sommar og vinter. Laurdagar og søndagar i barndomen og ungdomsåra vart stort sett tilbragt framom TV-skjermen, anten det var 5-mil, hopp, fotball eller handball som rulla over rektangelet.

OL både i Nagano og Salt Lake City førte til lange netter framom TV-skjermen, lenge etter normal leggetid. Fotball-VM både her og der har også ført til at døgnrytmen har blitt både endra og øydelagt, men slik har det ikkje vore denne gongen.

No kan ein rett nok få med seg ein heil del også på dagtid frå årets OL, men det hadde ikkje gjort noko å få sjå gull-løpet til Aksel Lund Svindal på direkten.

Denne gongen nøyer eg meg likevel med det eg får med meg på dagtid, og det eg kan lese eller sjå gjennom reportasjar og nyheitssendingar i ettertid.

Dermed slepp ein å gå rundt som ein halvvaken zombie midt på dagen.

Og ikkje minst! Ein slepp å sitte vaken midt på natta og irritere seg over at endå ei konkurranse har blitt avlyst på grunn av vind.