Meir enn éin av tre nordmenn har større tru på fisk enn olje i framtida, viser ei ny undersøking frå Universitetet i Bergen. Det skriv NRK Hordaland.

Berre 22 prosent svarer ifølgje undersøkinga at dei har tru på at olja blir den viktigaste næringa for Norge i framtida.

– Dette viser at det norske folk er ganske informert, og er i ferd med å innsjå at olja er på veg ut, seier professor og marin dekan Jarl Giske ved UiB.

– Viss folk har meir tru på fisk enn olje, har vi ikkje gjort jobben vår, seier kommunikasjonsdirektør Tommy Hansen i interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass.