Produkta frå Gode Greier byrjar bli vide kjende. I mange år har Lisa Mari Breivik Anderson reist rundt på marknader i fylket og seld syltetøy, saft, slush og etter kvart sjokolade.

Men det tar mykje tid å lempe varene inn i bilen, rigge opp butikk i eit telt, for så å rigge alt ned igjen nokre timar seinare og reise heim igjen og pakke alt ut og på plass igjen.

– Etter kvar slik helg seier me «aldri meir», fortel Anderson.

Om ho hadde hatt ein eigen Food Truck hadde det letta arbeidet mykje. Dessutan ser det veldig kult ut, synest ho.

Teikna sjølv

Anderson har reist mykje rundt på matmesser, og ho har forelska seg i slike food-truckar ein del i Danmark har. Ho vil ikkje berre har ein keisam kvit kasse, bil, han skal også sjå søt ut.

Men det er ikkje berre lett å få tak i ein slik bil. Ho har vore i kontakt med eit firma i Danmark som kan skaffe. Anderson har tenkt ut korleis ho vil ha bilen. Han skal vere pastellfarga, blå eller grøn, og vere pryda med hylleblomster. Bakpå står det «Natur på tur».

God respons

Anderson var usikker på om ho skulle ta seg råd til ein slik bil. Men då ho lodda stemninga på Facebook, fekk ho ein fantastisk respons. Mange ville hjelp. Nesten 80 stykke har meldt frå om at dei vil kjøpe gåvekort på forskot, så får dei pengane utbetalt i varer frå Food Trucken. Dei har teikna seg for mellom 150 og 5000 kroner.

– Eg vart heilt overvelda av den gode responsen. Dette er tydelegvis noko folk vil ha.

Nedturen

Anderson var i mål med å samla inn startkapitalen. Ho var skikkeleg gira og gledde seg på å å få oppfylt draumen. nedturen var difor stor då det viste seg at summen ho var førespegla viste seg å vere i danske kroner, ikkje norske, noko som vart noko heilt anna.

Men no går ho på med friskt mot og prøver å samle inn meir startkapital.

Førebels er det berre privatpersonar som har kjøpt gåvekort, kanskje det også er nokre bedrifter som vil vere med?

Om ei bedrift er interessert i å bidra med nokre kroner kan Anderson kome ein lunsj å servere sløsj og/eller mat til dei tilsette frå bilen, ho kan servere sløsj til kundar eller liknande.

Den første i distriktet

Førebels er det mest i større byar dei har slike bilar. Det er ingen i Møre og Romsdal. Så om Anderson greier å samla inn nok pengar blir Ulstein først ute.

Ho vil reise rundt på festivalar med bilen, men også Ulstein, og i grendene som er interesserte i å få besøk av bilen. Ho kan også finne på å stille seg opp i Ulsteinvik eller Ørsta ved lunsjtider og selje mat frå bilen sin.

– Eg er glad i å lage mat, seier Anderson.

Ho har gått på mange kurs. Ho har lært seg å lage sjokolade, makronar, fermentering, bakekurs, kurs i safting og sylting. Ho lagar pølsebrød- og hamburgarbrød sjølv og kan servere hamburgarar som er både vegetar, vanleg og fiskeburgar. Ho har også lyst til å lære seg å lage pølser. Og ho lagar sin eigen ketsjup. Dessutan likar ho å bake kaker.

– Eg kan ikkje servere alt på ein gong, men kan variere, seier ho oppglødd.

Det hadde vore billegare for henne å kjøpe ein brukt bil, men når ho tar ei så stor investering vil ho vere sikker på at ho får noko som varer.

– Dette skal vere arbeidsplassen min dei neste 10–15 åra.

food truck: Lisa Mari Breivik Anderson har sjølv teikna korleis ho vil ha denne bilen ho drøymer om. Om ho hadde hatt ein slik bil ville ho fått frigjort meir tid frå lemping av varer til bærplukking og matlaging, som ho eigenleg vil drive med. Men for å få realisert draumen treng ho meir startkapital. Foto: teikning
Draumen: Lisa Mari Breivik Anderson håpar ho så snart som råd får på plass finansieringa, så ho har bilen klar til sommaren. Foto: Ottar Andre Breivik Anderson. Foto: Fotograf Anderson