I april i fjor vart Hareid kommune kontakta av Total-Bygg Hjørungavåg As. Under arbeidet med utbyggingsavtale mellom utbyggar og kommunen (eit arbeid som framleis går føre seg) kom det fram at dei treng ein snuhammar for brøytebil og å endre felles køyrevegar til offentlege køyrevegar. Når dei likevel skulle gjere endringar ønskte tiltakshavar å prøve å frigjere meir areal som var bandlagt til flaumfare.

Geologiske vurderingar

No har Multiconsult gjennomført geologiske vurderingar i området. I rapporten deira kjem det fram at det er mindre enn 1/1000 sannsyn for jord- og flaumskred i området. Bygningar inntil 10 bueiningar, eventuelt bygningar der det oppheld seg mindre enn 25 personar, kan byggjast. Det er i tråd med planendringa som no førre veke vart vedteke av formannskapet.

Omsynssona for flaum på 20 meter er no fjerna og det er utarbeidd rapport som legg føringar for varetaking av husa.

Planområdet kan utbyggast utan ytterlegare sikringstiltak for jord- og flaumskred.

Auka utgifter

NVE har levert merknader, men Rådmannen meiner at tiltakshavar har tatt i vare merknadene frå NVE.

Kommunen vil få auka utgifter til vedlikehald med dei nye endringane, men dette er avklara med kommunalteknikk.