Stikk UT!-sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Alle husstandar i Friluftsrådet sine medlemskommunar får et Stikk UT-kart i posten i veke 17. I Ulstein kommune er Kristine Dale tilsett som folkehelsekoordinator, og sit med mykje ansvar for den nye avtalen. Ho er positiv til den nye avtalen med friluftsrådet:

– Friluftsrådet jobbar blant anna med å søkje tilskot, slik at dei, i lag med kommunen, kan leggje til rette, drifte og utvikle friluftsområda våre, og det er kjempeflott at Ulstein kommune vil vere med på det, smiler Dale.

Ventar på vedtak

Ulstein kommunestyre har vedteke å søkje medlemskap i budsjettet for 2018. Kristine fortel at Sunnmøre friluftsråd har jobba for å få med kommunar på søre Sunnmøre

– Vi trur vi blir tekne godt i mot, men formelt sett er vi ikkje medlem før det vert vedteke på årsmøtet i Friluftsrådet 14. mars.

Skjærgardsteneste

Friluftsrådet skal frå i år av også etablere ei skjærgardsteneste på Sunnmøre, som blir drifta av dei to friluftsråda i fylket, Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, og Sunnmøre Friluftsråd. Det kan vere, i følgje Dale, ein av grunnane til at kommunen ser nytta av å vere med i rådet.

– Ein skjærgårdeteneste går blant anna ut på å halde kystlinjene reine for søppel og det treng vi å bruke meir tid og ressursar på, meiner ho.

Samarbeidspartnar

Dale presiserer at StikkUT! Ikkje er ein konkurrent til andre liknande konsept, eller til turkassene til idrettslaga i kommunen, men heller ein samarbeidspartnar.

–  Dei eg har fått med i StikkUT-gruppa til kommunen er medlemar frå dei ulike trimgruppene i lokalmiljøet. StikkUT ynskjer å bidra til  fleire besøkande på rutene til dei lokale idrettsgruppene. Vi brukar same turkassene, men Friluftsrådet stiller med nye der det trengst, avsluttar ho.