- Kvinna fekk skadar i ansiktet og vart lagt inn på sjukehus, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Han fortel at kvinna sin tidlegare kjæraste vart arrestert i 5-tida søndag morgon på ein offentleg stad i Ulsteinvik sentrum, sikta for vald.

- Same mann var involvert i ei hending på same stad også fredag, men då valde vi å gje han ei åtvaring, fortel Pettersen.

- Sjølvforsvar

Den sikta vart framstilt for varetektsfengsling måndag.

I avgjerda frå Sunnmøre tingrett kjem det fram at han forklarte at han hadde skubba kvinna, etter at ho hadde slått han fleire gongar, noko som førte til at ho fekk eit kutt i panna.

Den sikta meiner dette var eit slags sjølvforsvar. og motsette seg varetektsfengsling.

Fekk medhald

Påtalemakta kravde at mannen skulle fengslast i fire veker, og fekk medhald i tingretten.

I avgjerda heiter det at retten meiner at den sikta kan mistenkast for ei straffbar handling som kan føre til høgare straff enn seks månader i fengsel.

Retten viser til at han også er sikta for fleire andre lovbrot, mellom anna oppbevaring av rundt 160 gram amfetamin.

Han vart også fengsla i starten på januar i år, men seinare sett fri mot meldeplikt. Han klarte ikkje å halde meldeplikta.

Fare for gjentaking

I rettsavgjerda legg tingretten vekt på at det er svært truleg at mannen vil gjere nye straffbare handlingar, og viser til at han er sikta for til saman atten lovbrot dei siste tre månadene.

Retten viser også til at den sikta er utan fast bustad, utan arbeid og at han har eit alvorleg rusproblem som gjer han ser ut til å vere ute av stand til å unngå kriminelle handlingar.

Etterforskar lovbrota

No vert mannen sitjande i varetekt i inntil fire veker.

- Vi jobbar hardt for å etterforske alle sakene medan han sit i varetekt. Målet er å ha klar ein tiltale og ein eventuell dom før varetektsfengslinga er over, seier lensmann Pettersen.

Lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem