– Vi syns det er sinnssjukt bra oppmøte og det er tøft at Ulstein LAN vert arrangert i Ulstein Arena i år.

Hans-Arne Leikanger og Lorentz Dalehamn sit bak to enorme dataskjermar som lyser opp andleta deira. Tastatura blinkar med neonlys i takt med musikken frå høgtalaren. Latteren sit laust og samtalen går i noko som dei kallar for comp.

Men kva er ein comp då?

– Det er lagkonkurransar i ulike dataspel som vi køyrer på med undervegs i LAN-veka. Dei laga som vinn, får premiar, som er delt ut av dei ulike sponsorane til Ulstein LAN. Vi brukar også å ha noko som heiter scenecompar. Det er konkurransar som går føre seg på scena midt i lokalet. Då får vi lov å drite oss litt ut, og det er utruleg artig. Natt til i går hadde vi til dømesv ein konkurranse der vi skulle ha hendene bak på ryggen medan vi skrella og åt ein appelsin, flirer gutane.

Meir ansvar

Søv de i det heile tatt denne veka?

– Ha ha, ja eg tok meg i alle fall ein liten lur no nettopp, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, humrar Hans-Arne.

Gutane har vore med som deltakarar på Ulstein LAN i ein del år allereie og har vakse mykje på det. Dei har fått mange nye venar og med åra har dei også fått mykje meir ansvar for arrangementet. Dei er begge to samde om at det er best med ein variasjon mellom å spele og arbeide. Dei synest det fort kan bli einsformig å berre vere planta framfor dataskjermen.

Styreleiar Per-Olav kikar bort på gutane og deligerer oppgåver dei skal gjere i løpet av dagen. Dei tek velvillig imot beskjedane.

– Ansvarsområda til ungdomen i crewet er litt alt mogleg eigentleg. Dei kan måtte snikre i hop ein benk, henge opp leidningar eller vere ansvarlege for underhaldninga.

– Det er ein del av det å vere med på laget, og vi storkosar oss. Det kjekkaste er å stå på scena, for der er vi sjefar. Per-Olav lurte sjølvsagt på kva vi dugde til og då svarte vi at vi var knallgode på konkurransar og til å ete marshmallows, tøysar kameratane, medan dei diskuterer korleis dei skal delegere oppgåvene mellom seg.

Ver strengare

Per-Olav synest det er kjekt at han får vere ein bidragsytar til at ungdomen kjem seg ut og er sosiale. Han meiner at foreldre må vere endå strengare på datatida til barna sine og at det ikkje skal mykje til for at utviklinga går i feil retning, og dei sluttar å spele for det sosiale og heller går for å vere asosiale.

Han tenkjer mykje på utviklinga av sosiale medium og det faktum at ungdomen omtrent ikkje kan spele eit einaste dataspel utan tilgang til internett.

– Det å få ungdomen til å ville kome seg ut av datagrotta heime og heller vere med på Ulstein LAN i ferien, krev faktisk ein innsats frå oss foreldre. Utan føresette sitt engajsment er det meir enn lett nok for barna å tenkje «Ja, men kva er vitsen med å vere med på Ulstein LAN når vi kan spele heime i staden, og sleppe å gå ut døra». Før i tida måtte vi setje inn ein fysisk disk i datamaskina for å kunne game. No er det berre å opne nettlesaren og du er i gang. For 20 år sidan kunne vi ikkje berre ta eit bilete med telefonen og dele det med verda med ein gong. Alt er veldig enkelt no og ungdomen driv med meir enn vi har kjennskap til. Mitt tips til foreldre er å ikkje vere naive - det funkar dårleg for dagens ungdom. Vis dei at du er interessert i det dei driv med og oppfordre til godt nettvett, avsluttar Digre.