(NPK): – Stortinget ber regjeringa fremje forslag til ei matkastelov som omfattar næringsmiddelindustrien og matvarebransjen, heiter det frå Ap, Sp, SV, KrF og MDG, omtalt i Dagsavisen.

– Fantastisk gode nyheiter

Vidare heiter det at «Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, og påbud om å offentliggjøre nøkkeltal knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn».

– Det er fantastisk gode nyheiter for miljøet, matsentralane og ikkje minst for alle dei menneska som kvar veke møter opp hos hjelpeorganisasjonane fordi dei ikkje har råd til å kjøpe eigen mat, seier Anja Bakken Riise, leiar for Framtiden i våre hender, til avisa.

42 kilo per forbrukar

I Noreg kastar ein gjennomsnittleg forbrukar kvart år 42 kilo mat som kunne vore eten. Matsvinn i heile matkjeda utgjer 68 kilo i året.

Det var i fjor at KrF bad regjeringa «greie ut og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og daglegvarebransjen». Eit forslag regjeringa skrinla.

– Vi kan ikkje gjere alt vi er imot forbode ved lov. Eg trur på eit godt samarbeid mellom det offentlege og aktørane, sa dåverande næringsminister Monica Mæland (H) og forsvarte avgjerda til regjeringa.