24 nautiske mil nord for Hopen skjer det. Snurparen «Asbjørn» av Gratangen har gjort sitt siste loddekast og fått full last. Stemninga blant dei 13 om bord er svært god. Endeleg kan dei vende kursen heim igjen. Men vêret er dårleg og eit frykteleg drama på liv og død er i emning.

Det blir slått full alarm og alle i mannskapet kjem seg opp i styrehuset og ifører seg flytevest. Naudropet blir høyrt av «Flømann» frå Hareid.

16 år gammal var Idar Eklund frå Gratangen i mannskapet på «Asbjørn» og var nær ved å kome vekk på havet. Eklund var allereie ein erfaren fiskar, han hadde vore med sidan han var 14 år.

Fredag 23. februar kjem Idar Eklund til Ishavsmuseet med foredrag om det dramatiske forliset, 19. august 1973, og han fortel også historia om «Asbjørn», frå vogge til grav.

Eklund er i dag driftssjef på avdeling for bygg og eigedom på UiT Norges arktiske universitet, Tromsø Museum, og vil under foredraget på Ishavsmuseet ta for seg skuta si historie frå ho kom til Tromsø i 1950 og fram til forliset i 1973. Kjem dei verkelege årsakene fram under sjøforklaringane når eit fartøy forliser?

Etter foredraget serverer Ishavsmuseet 2 retters middag med røykt selkjøt og klippfisk i museumskafeen. Påmelding ved middag.