Småbarnsmora fekk ein noko tøffare studiestart enn venta. Like etter studiestart, same dag som Tonje skulle hente skulebøkene på posten, brann huset deira i Eiksund.

No bur dei mellombels i ei leilegheit i Dragsund, medan dei ventar på at huset blir bygt opp igjen, forhåpentlegvis innflyttingsklart til jul.

Studiar, livet som småbarnsmor og husbygging gjer at Tonje gjerne skulle sett at døgnet hadde fleire timar. Men ho synest det er kjekt å studere i Volda.

Omskulert hudpleiar

Tonje er utdanna hudpleiar og negledesignar. Då eldstedottera var eit år flytta ho og Hans Christian Ødegård tilbake frå Oslo til Ulstein. Tonje arbeidde på Skin Tonic, deretter i frisørsalongen til mora, Lilles Dame- og herrefrisør. Men Tonje fekk migrene av kjemikaliane og luktene. Før ho forstod kva det var ho reagerte på var ho ein del sjukmeldt, og ho prøvde også å jobbe halvt.

Medan ho var i permisjon og fekk yngstejenta tok ho opp ein del fag så ho fekk generell studiekompetanse og kunne omskulere seg.

– Kvifor vil du bli lærar?

– Eg likar å jobbe med folk, det er difor eg vart hudpleiar, men så gjekk ikkje det meir. Og så likar eg å vere med ungar, svarer ho.

Tonje måtte tenkje nytt og sjå moglegheiter. Å sitje framfor ein datamaskin heile dagen var ikkje eit alternativ.

Me er inne i ei tid med ein del nedbemanningar. Tonje tenkte at det no er mange unge jobbsøkjarar, med meir utdanning enn henne, som kjempar om dei same jobbane. Ho har ikkje lyst å bli gåande heime utan arbeid. Så då utdannar ho seg til lærar, det er det alltids bruk for.

Og som lærarstudent og lærar kan ho bli buande her, med mann og born.

– Snerte med Volda

Tonje har både ei søster og ei svigerinne som studerer i Volda. Ho har høyrd ein del på diskusjonane deira, og fann det interessant. – Det er veldig snerte å fare inn til Volda, seier lærarstudenten og er glad ho slepp å tenkje på ferjetider i ein elles travel kvardag. No kan ho køyre når ho vil, utan å tenkje på om det går ei ferje.

I starten delte ho og mannen på ein bil, men no har dei kjøpt ein til. Det vart mykje logistikk med henting og bringing av ungar og barnesete.

– Slit det på bremseklossane å pendle gjennom Eiksundtunnelen?

– Hm, eg køyrer ganske fint, så eg slepp å bremse så mykje. No køyrer eg automatgir, så bilen finn eit passande gir sjølv. Men eg irriterer meg over bilar som ligg på bremsene frå dei køyrer inn i tunnelopninga og omtrent heile vegen. Eg vil tru dei slit på bremsene. Det må då gå an å velje seg eit gir så dei slepp å bremse så mykje, seier pendlaren frustrert.

Det er stort sett fine og berre vegar innover til Volda. Når det er snø og is set ho pris på at nesten halve vegen er under tak.

Uansett når på dagen ho reiser opplever ho at det er mykje trafikk mellom indre og ytre.

Norskfaget og KRLE

På spørsmål om kva fag ho likar særleg godt, kjem det kjapt norsk og KRLE. Uansett kva bokstavar som blir ståande som namn på dette faget tenkjer ho at det er eit viktig fag.

– Det er eit veldig spennande fag. Det er uansett bra å kunne om ulike religionar og kulturar. Samfunnet blir meir fleirkulturelt, det er viktig å vite om andre sine syn, og ikkje berre det som ein er fødd og oppvaksen med sjølv, meiner ho og ser på KRLE som eit viktig fag i norsk skule.

I tillegg til førelesingar, oppgåver og praksisperiode er det forventa at studentane studerer på eiga hand mellom 18 og 24 timar i veka. Å få lese etter ungane er henta i barnehagen er håplaust, så Tonje sit gjerne i Volda og les utover ettermiddagen før ho reiser heim.

– Det er hektisk, men absolutt kjekt, slår tobarnsmora, husbyggjaren og lærarstudenten fast.