Førre fredag gjekk Hareid kommune ut og oppmoda innbyggjarane i kommunen om å spare på vatnet. Forklaringa var at det gjekk så godt på Pelagia i Liavågen at dei trong ekstra mykje vatn. For å ikkje øydeleggje for industrien, vart privatpersonar oppmoda om å spare på vatnet. I dag, ei veke etterpå, opphevar kommunen dette vass-sparingstiltaket.

Hareid kommune skriv på nettsida si at dei har fått redusert mykje av det ekstraordinære overforbruket. Det blir no produsert meir vatn enn det blir brukt. Kommunen ønskjer å takke alle som har redusert vassforbruket sitt siste veka.

I Noreg nyttar kvar og ein av oss i snitt 197 liter vatn kvar dag. Det vil seie 20 bøtter vatn.

Hareid kommune skriv at sjølv om ein i Noreg vanlegvis ikkje treng å tenkje på vassforbruket er det likevel ein del grep ein kan gjere for å redusere vassforbruket sitt. Så har dei lagt ved ei lenke til innsparingstiltak.