Fleire laurdagskommentarar her i bladet har vore skildringar av småbarnsmødrene sitt hektiske, men rosa liv. Livslandskapet i min alder er duld for dei fleste ovanpå torva, men er truleg halde for å vere farga i 50 shades of grey (ikkje den Grey, nei). Så her fylgjer eit lite innsyn i korleis livet ter seg frå hin enden, der restlivet i høgda kan dreie seg om eit momspåslag.

Som forherda optimist har eg sett for meg ei tredeling av livet. Fyrst tretti år med leik og moro i oppvekst og utdanning, så tretti år med leik og moro i heim og yrke, og til slutt tretti år med leik og moro med alt ein ikkje hadde tid eller råd til i dei to fyrste bolkane.

Livet i restlivet

Trass i nokre motbakkar og omvegar er eg nøgd med nettobeløpet eg no kan summere på livets faktura, og eg vonar å ha same lukka med momspåslaget. Ja, for livet handlar om flaks ti gonger meir enn eigen innsats, og gjævaste premien i livslotteriet er ei god helse.

Eit par år som pensjonist har sett spor. Eg merkar det ikkje minst på dei eg møter i restlivet. Dei liksom myser på meg for diskret å kunne lese av datostemplinga: Kan innhaldet vere bederva, tru?

Eg har til no trudd at skepsisen har vore grunna i den nær valdelege trongen min til å skilje mellom transitive og intransitive verb, eller den frådande insisteringa på at predikatsord må bøyast i fleirtal.

Men eg erkjenner no inst inne at hårstydet og gonglaget mitt kan fortelje meir om datomerkinga enn eg likar. Eg er i ferd med å gi opp ungdomstida. Eit viktig prov på det, er at eg har kome ut av skapet og ope vedgår at eg lyttar på P1+.

2. bolken i livet er slutt. Leiken i livstreet, klivinga mot stendig høgare og tynnare greiner er stogga. Eg dinglar med beina frå den lågaste greina og innbiller meg at eg saknar prestasjonsangsten og høgdeskrekken i tretoppen, avløyst av den sæle straumen av endorfinar gjennom hug og hått, om ein kom velberga ned att på jorda etter eit umogleg vågestykke.

Presserande oppgåver før og no

No er det ein annan angst som herjar i hugen. Angsten for å ikkje prestere det stingande støv. Som pensjonist unner ein seg korkje rast eller ro. Det er så mykje ein skal rekke før ferda går ut på Osneset. Men best det er jul, så er det jonsok, og forsyne meg er det snart jul igjen.

Tidsnauda grunnar seg mest på at ein har fatta interesse for nye og presserande oppgåver i kvardagen, slik som å vøle brunosten, som eit medlem av huslyden høvlar skeiv til eit nivå som nærmar seg det kriminelle. Eller flikke på smøret i smørøskja av same grunn. Slikt tek si tid.

Då eg var i tenåra, var det berre ein ting eg kan hugse som hasta. Det var å kome i gang med eit bilateralt kjønnsliv. Dette var på slutten av 50-talet, og eg kunne observere at alle born vart fødde av kvinner i 20-åra. Eg rekna difor med at sex var eit overgangsvindauge som slo igjen ved fylte 30 år.

Det vart eit syndig strev i årevis, men eg kom i mål med relativt god margin i baksetet på ein Volvo PV 544. For dykk som slevar etter fleire detaljar, kan eg opplyse at det var ein 62-modell – bilen altså.

Eg kan forsikre dykk unge under 60 at det slett ikkje hastar. Erotikken fylgjer oss truleg like til grava, jamvel om testosteronet ikkje lenger fossar fullt så stridt gjennom blodet.

Men generasjonskodane har vorte diffuse, og det er no plent umogleg for meg å sjå skilnad på mora og dottera. Så eg trakkar stendig ut i depelen i lyd og lag: «Goddag ja, ej forstæ’ de’ slik atte du e’ kånå hass Andreas». «Kånå? Ej e’ døtra!». Javel …..

Framme av og til

Eg har nyst stått til knes i denne depelen og i same rennet vorten journalført som utgått på dato. Det arta seg slik: I fast overtyding om at det berre er gamlingar som strongelegg seg på stålisen medan me ungdomane sklir frydefullt avgarde, så fekk eg meg ein stutt flygetur med krasjlanding like etter nyttår.

Sjølv om eg stavra meg på føtene, så skjøna eg etter ei rid at beingrinda neppe hadde kome skadeslaus frå det. Det barst til Volda for røntgen og CT.

Etter gjennomlysinga vart eg boden på konsultasjon hjå ein ortoped. På den litt uverdige vegen dit i rullestol, var det ein kvikk jentunge, praktikant eller noko slikt, som tok på seg å vise meg vegen. Men kontoret viste seg å vere tomt. «E’kje hanj komenj enno, dokterenj?» datt det ut or meg. «Det er jeg som er legen», sa jentungen. Shit ….

Bileta synte ein såkalla fraktur i bekkenet, som dokteren på folkemålet kalla eit brudd for at jamvel eg skulle forstå det. Altså ein brest. For å kome meg ut av depelen, prøvde eg meg med ein kvikk replikk av typen «endå godt at ej ikkje ska’ føde dei fy’ste vikinje», men gamlishumoren min fall som ein stein ned i aldersklyfta. Eg kunne ikkje høyre at han nokon sinne nådde botnen.

Men det skal ho ha, jenta, ho gjorde sitt beste for å få i stand litt geriatrisk småprat: «Ja, er det slik at du er fremme ….. og går litt ut også kanskje …… av og til?» Fremme ….. det tyder ute av senga. Framme og ute ….. av og til? Her var siste forbruksdag så langt overskriden at innhaldet utan tvil var bederva.

Muritunet eller Kalahari?

Den unge ortopeden sleit med epikrisen sin då ho ikkje fekk gjennomslag for særskild tilrettelegging i heimen med enkeltseng i hovudetasjen dei fyrste vekene. Ho tykte då at det var mest fornuftig å leggje meg inn til observasjon nokre dagar, slik at eg også kunne få opplæring i krykkjegonge av ein fysioterapeut, og …..

Ho kom ikkje så langt som til habilitering på Alvehaugen før eg høgrøysta avslo dette generøse tilbodet til oss som bygde landet. Eg slo frå meg med geriatriske argument som unødig sløsing med skattepengar og la i veg med lett demente metaforar som at eg har vore ute ei haustanatt før. Det var like før eg tok opp spørsmålet om fleirtalsbøying av predikatsord.

Men då forstod eg at om eg ikkje passar putten min no, så vert eg tvangsinnlagt på Muritunet på ubestemt tid med særskilt tilrettelagd sikringskost.

Eg vart dømd til minst åtte veker på krykkjer, og strengt formana om å ikkje falle ut av senga når eg måtte fram nattestid, formedelst den hyppige vasslatinga som karar i min alder lir av.

Eg fann det klokast å ikkje nemne at eg innan åtte veker truleg er på eit trekk med terrengbil gjennom fire land i det sørlege Afrika, der ein av dei mange aktivitetane på programmet er strekkhopping over Zambesi.

Og sjølv om det gjorde aldri så vondt, så stirra eg meg til å kaste krykkjene etter fire veker.