I juni 2016 var Arbeidstilsynet på synfaring til Ulstein Brannvesen. Då fekk Ulstein kommune pålegg om å etablere tilfredsstillande arbeidslokale, inkludert personalrom for tilsette i Ulstein brann- og feiarvesen.

Sidan kommunen hadde planar om å byggje ny brannstasjon, søkte dei om utsetjing. Arbeidstilsynet ville så ha ein tidfesta handlingsplan frå kommunen. I desember 2017 søkte kommunen om fristutsetting frå å leggje fram ein slik plan.

Arbeidstilsynet varslar at søknaden vil bli handsama når dei får svar frå kommunen etter dette pålegget: Ulstein kommune må setje i verk tiltak som sikrar at arbeidsforholda for feiarane i brakkeriggen og i feiarbilen blir utforma og innreidd slik at arbeidsmiljøet blir fullt forsvarleg med henblikk på kjemisk helsefare.

For at pålegget skal vurderast som oppfylt må kommunen mellom anna dokumentere at arbeidet med å etterkome pålegget er utført i tett samarbeid med verneombodet og berørte arbeidstakarar. Kommunen må også skrive kva tiltak som er sett i verk for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i brakkeriggen og for å sikre at feiebilen/bilane har tette skot mellom rein sone og utan rein sone. Om ikkje kan kommunen bli nøydd til å betale tvangsmulkt.

Ulstein har tidlegare varsla at arbeidet med ny brannstasjon blir starta opp 1. kvartal 2018. I økonomiplanen er det ikkje løyvd pengar før i 2020.