Politiet i Møre og Romsdal melder onsdag morgon om ei trafikkulukke på Leikong i Herøy. Ifølgje politiet skal ein bil ligge på taket og ein person er fastklemt i bilen.

Oppdatering: Politiet melder 8.52 at naudetatane er framme på staden og at kvinna som sat i bilen er frigjort. Det er rekviert luftambulanse.

Ifølgje politiet fører ulukka til at det er noko avgrensa framkome på staden.

Vegtrafikksentralen melder også at det er visse trafikale utfordringar på staden, men at trafikken blir dirigert forbi ulukkesstaden. Det er også bestilt bilberging.

Politiet melder på twitter at kvinna som vart frigjort frå bilen er frakta til Ålesund sjukehus.