Rådmannen si nytenking er ein lekk i førebuingane til budsjett og økonomiplan for 2019–2022. Ho har tatt i bruk ord som «klyngekommune» og «samspelskommune», og ho har stilt spørsmål ved om Hareid i framtida har råd til å ha så mange skular som i dag.

Men det som har falle Holm og Korsnes tyngst for brystet, er ideen om å kutte i talet på sjukeheimsplassar – og i staden satse på fleire omsorgsbustader. Kommunane har gått frå å vere servicekommunar til å bli samspelkommunar, der folk skal ta litt meir ansvar for eigne liv.

Aksjonerer gjerne igjen

Tanken om å redusere talet på sjukeheimsplassar er for så vidt ikkje ny. Også i førre valperiode var eit av innsparingsforslaga å redusere talet på sjukeheimsplassar. Det gjorde at Einar Holm og Roger Korsnes gjekk i brodden for ein aksjon for å bevare talet på desse.

– Aksjonen fekk stor oppslutning. Svært mange fann det meiningslaust å redusere den viktigaste avdelinga ved Hareid sjukeheim, den som skal avlaste og hjelpe i den mest sårbare situasjonen folk er i. Aksjonen verka – og forslaget vart ikkje gjennomført, samanfattar Einar Holm.

Roger Korsnes varslar at dei gjerne startar ein liknande aksjon, dersom det blir naudsynt.

– Vilt og meiningslaust

– Tanken er like vill og meiningslaus i dag som i førre periode. Også i dag er det fullt belegg på sjukeheimen. Folk må bu på dobbeltrom, og det ligg også folk på gangen. Eg er forundra over at den nye rådmannen vår vil fremje tanken om å gå frå å vere ein sørviskommune til å bli ein samspelskommune. At folk skal ta meir ansvar for eigne liv, seier Einar Holm.

Roger Korsnes legg til at det vel alltid har vore slik at der er eit samspel mellom sjukehus, heim og kommune. Og at i eit slikt samspel må kommunen og sjukeheimstenestene vere ein viktig faktor.

– Den faktoren kan vi ikkje svekke, men heller styrke, for i Hareid kommune blir det i åra framover fleire innbyggjarar, minner Holm om.

– Millionane vil rulle på rådhuset

– Men har de ikkje syn for at Hareid kommune, som nyst er komne ut av Robek-lista, må spare pengar?

– Jau, og derfor må vi få lov til å stille eit stort spørsmål ved pengebruken i Hareid kommune. I Vikebladet Vestposten har vi lese at administrasjonen har tømt rådhuset for folk utan at ordførar og rådmann visste om det. Heilt merkeleg i seg sjølv. Etter det vi las i lokalavisa la rådmannen seg flat for kritikken som kom i eit formannskapsmøte. Men vi har ikkje registrert ein debatt og eit vedtak om kva som skal gjerast på rådhuset. Der vil det i alle fall gå mange millionar kroner til renovering og husleige. Dette vart altså noko av det første som kommunen greip til då vi kom oss ut av Robek, kommenterer Einar Holm.

Roger Korsnes synest også det er litt på kanten at kommunestyret har sagt ja til å kjøpe det han kallar ei lita tomt i Hareid sentrum til 12 millionar kroner.

– Men vi håper inderleg at kommunen maktar å gjennomføre bygging av eit helsehus, for vi treng så absolutt eit nytt legesenter, legg han til.

For mange konsulentar

Dei to karane synest også at kommuneleiinga ikkje er fysne når det gjeld å leige inn konsulentar.

– No er det snakk om å leige inn konsulentar også til å forhandle om tomtegrunn. Det burde vere heilt unødvendig i ein såpass liten og gjennomsiktig kommune som Hareid. I generasjonar har ordførar og varaordførar, med hjelp frå eigne rekker, klart den jobben, slår Einar Holm fast.

Dei to etterlyser større engasjement i Hareid kommunestyre – og går så langt som å karakterisere kommunestyret som «tafatt».

– Er du vald inn i kommunestyret, forventar veljarane dine at du viser igjen, både under og etter møta. Du er medansvarleg, om noko skjer – eller ikkje skjer.

Holm meiner folk ikkje kan skulde på Vikebladet Vestposten for at det blir skrive lite frå Hareid.

– Vi er ganske sikre på at oppdagar dei at det skjer noko i Hareid, så vil dei syte for at det viser att i avisa, uttaler dei samstemt – og kjem med følgjande oppmoding til det sitjande kommunestyret:

– Det er 1,5 år igjen av denne valperioden. Lat ikkje historia sin dom bli at det var dette kommunestyret som la ned sjukeheimsplassar.