Lisa Mari Breivik Anderson lurte på om det ikkje er utbyggjar sitt ansvar å finansiere dette. Utbyggjar må følgje vedteken regulering. Det er utbyggjar sitt val å byggje bustader i førsteetasje i staden for forretning/kontor i førsteetasje, noko som gjer at dei må sende strandpromenaden rundt bygget for å hindre utsyn. Det igjen fører til ei dyrare løysing, men det er ikkje kommunen sin feil, meinte SP-representanten.

Ho lag også til at ho har vore imot utbygging av Sjøsida heile tida. Ho likar dårleg at sjøen blir bygt ute, og at området blir for dei som har råd til å kjøpe seg leilegheit der.

Ho minne også om at Ulstein kommune er inne i ein periode med sparing og nedskjeringar, og løyve 2,5 millionar til dette var imot alle hennar prinsipp.

Utvikling av Ulsteinvik

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) sa at det har vore heilt vanleg at kommunen har vore med å støtte utviklingsprosjekt i sentrum. Ved utbygging av Sjøsida 2 blir det laga til eit offentleg uteområde, noko som kjem innbyggjarane i kommunen til gode. Han synest det er rett at kommunen er med å bidra. Bygging av fleire bustader fører også til at fleire er med å betale skatt i kommunen. Sjøsida er eit bustadområde kommunen får lite vedlikehaldsutgifter med, som brøyting. Og han ser det som ein fordel med fortetting. Han spår at det vil flytte inn ein del eldre folk på Sjøsida, det gjer at kommunen får meir effektiv drift av kommunale tenester. Det er eit tosidig reknestykke som han trur kommunen på sikt kjem godt ut av.

Universell utforming

Pål Grødahl (V) ville ha med eit tillegg i vedtaket om at strandpromenaden skal ha universell utforming, men det vart det ikkje fleirtal for å formannskapet. Steinar Torvik (KrF) meinte vedtaket frå teknisk utval får halde. Dei vedtok sist fredag at det skal etablerast ei rampe på i alle fall den eine sida som har stigning i tilnærma lik krava til universell utforming.

Grødahl ønskte rampe på båe sidene og rett stigning, men vart røysta ned.

Saka blir endeleg vedtek i Ulstein kommunestyre 22. mars.