William Thorseth var fredag ettermiddag på Leinøya då ein grasbrann kom faretrugande nær eit bustadhus der, men kunne fortelje til Vikebladet Vestposten at brannvesenet etter kvart fekk kontroll på situasjonen.

Verre har det derimot gått i Hallebygda. Ifølgje Vestlandsnytt er det ein grasbrann som har kome ut av kontroll der, brent ned ei løe og heldt på å spreie seg til eit eldre bustadhus. Store verdiar skal ha gått tapt i brannen i løa, då det var fleire køyretøy lagra der.

Brannvesen frå Sande, Herøy og Ulstein jobbar med å sløkke brannen, og det er snakk om å få dit eit helikopter til å delta i sløkkingsarbeidet.

Det skal ikkje vere fare for at andre bustadhus tar fyr, skriv lokalavisa for Herøy og Sande like over klokka 18 fredag kveld.

Slik såg det ut då brannen herja som verst litt tidlegare på dag fredag. Som ein ser stod løa i brann. Løa brann ned, men bustadhuset ein ser så vidt i bakgrunnen klarte brannvesenet å redde. Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt.