Hareid kommunestyre valde i siste møte å satse på ein anbodsprosess for istandsetjing av Engeskardtunnelen. Men ei rask løysing til stipulerte 6 millionar kroner vil kunne medføre at kommunen må utsetje vegmidlar til Bjåstad-Røyset med eit år.

Dette var administrasjonen sitt «ris bak spegelen» då politikarane i Hareid, samla på Melshorn Hotell, vedtok å avvise ei bergskjering som erstatning for den skrøpelege Engeskardtunnelen og heller utvide og reparere etter ein anbodsprosess.

Ut på anbod

Samtlege representantar røysta for eit fellesframlegg frå Høgre og Folkelista om å legge tunnelreparasjonen ut på anbod.

Men kommunen har ikkje plass til både Engeskardtunnelen og vegmidlar til Bjåstad-Røyset på 2018-budsjettet.

Oskar Grimstad (FrP) gjorde seg tidleg i debatten til talsmann for å bruke 500.000 kroner på ei snarleg oppreinsking – for dermed i første omgang å sikre at der ikkje var fare for liv. Han hadde elles ikkje møtt nokon som meinte at ei open bergskjering var eit godt forslag. Men etter at konsulent Kai Rune Bjørke hadde stadfesta at tunnelen no var sikker å ferdast i - utan lause steinar – gjekk han over til fellesframlegget.

- For stort inngrep

Kjetil Nesset (Folkelista) meinte at ei bergskjering ville vere eit for stort inngrep. Ein kunne få utvida og sikra tunnelen utan å gå så hardt til verks, meinte han. Han ville gå rett på løysinga, d.v.s. ein anbodskonkurranse. Han trudde ei ramme på 6 millionar kunne halde.

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) var glad for at saka hadde hatt så rask framdrift. Ho hadde meint at den beste løysinga ville vere å opne Engeskardet, men gjekk no inn for fellesframlegget frå Høgre og Folkelista.

Budsjettsak

Ordførar Anders Riise (H) ville sjå saka som ei budsjettsak. Ved å gå på fellesforslaget fekk ein lagt prosjektet inn på investeringsbudsjettet utan å belaste driftsbudsjettet. Han trudde opning av Engeskardet var mest framtidsretta, men frykta samtidig at det ville gi ein lang planprosess og dermed ta tid. Han trudde å få inn prosjektet via ein budsjettrevisjon etter sommaren.

Kjetil Nesset (Folkelista) fortalde at det fanst ei rekke selskap som hadde spesialisert seg på å reparere gamle tunnelar.