Med stor applaus vart Ulstein, Volda og Ørsta ønska hjarteleg velkomne som nye medlemskommunar i Sunnmøre friluftsråd på årsmøtet onsdag kveld. Det skriv friluftsrådet i ei pressemelding.

Med dette blir turkassetrimmen Stikk UT! arrangert i 13 av dei 18 kommunane på Sunnmøre frå sesongstart 1. mai.

Sunnmøre friluftsråd har som mål å samle alle kommunane i regionen i fellesskapen. Det er no berre fem kommunar som står utanfor.

Styret i friluftsrådet består av eitt medlem frå kvar av medlemskommunane. Alle dei tre nye medlemmane har valt sine representantar. Ordførar Knut Erik Engh er nytt styremedlem frå Ulstein.