“Saka kom skeivt ut”, sa Ulsteinordføraren. Saka han sikta til hadde vorte diskutert på to møte i kontrollutvalet. Utvalet meiner rådmannen kan ha handla i strid med kommunen sitt etiske regelverk, då han i permisjonstida selde to planar frå Ulstein til Vanylven kommune.

Eit etisk fyrtårn. Det var det uttrykket leiaren i kontrollutvalet i Ulstein brukte for å uttrykke kva som er idealet for ein rådmann.

Det er litt uklart kva ordføraren meiner med at saka kom skeivt ut, men det er vel liten tvil om at rådmannen kom litt skeivt ut. Den øvste administrative leiaren i Ulstein kommune har visst lenge at kontrollutvalet skulle sjå på saka. Det var likevel ein lite audmjuk rådmann som sa følgjande til lokalavisa sist veke: «Eg opplever at mitt etiske kompass er rimeleg bra kalibrert.»

Men noko må ha skjedd, for mindre ei veke seinare, då saka var oppe i formannskapet, hadde pipa fått ein annan lyd. I eit brev til kommunen v/kontrollutvalet skreiv han: «Eg ser i ettertid at det kan reisast spørsmål ved kva som var akseptabel bruk av Ulstein kommune sine offentlege dokument. Eg burde ikkje berre munnleg, men også skriftleg ha opplyst ovanfor Vanylven og Ulstein kommunar at det m.a. var planar frå Ulstein vart nytta som basis. Eg beklagar at det ikkje vart gjort.» No skal han betale tilbake det Vanylven kommune betalte for dei to planane.

Saka vert ikkje ferdigbehandla i kontrollutval og kommunestyre før i mai. Det er lenge til mai, og rådmannen gjorde det einaste rette for å gjere ripa i lakken minst mogleg.

For av og til er det lurt å legge seg flat. Sjølv om ein har kome aldri så skeivt ut.