Formannskapet skal ta stilling til om dei godkjenner utbyggingsavtalen mellom Hareid kommune og Total-Bygg Hjørungavåg AS slik han ligg føre.

Utbyggingsavtalen ligg innanfor reguleringsplanen for Iverskogen, og gir plass til 19 husvære fordelt på 9 tomter. Rådmannen rår formannskapet til å godkjenne denne avtalen.

Fleire bustadtomter

Lidvar Grimstad har søkt Hareid kommune om å få omregulere eit område frå offentleg tenesteyting til bustadføremål.

Rådmannen rår formannskapet til å godkjenne at tiltakshavar kan starte opp privat planarbeid på det omsøkte arealet.

Området er i gjeldande reguleringsplan regulert til offentlege bygg og anlegg, medan det i gjeldande kommuneplan er regulert til offentleg eller privat tenesteyting.

Grimstad skriv at arealet er for lite til å nytte til jordbruk. Kommunen har ikkje planar for området, anna enn delar av det er tenkt som reserveareal til Hareid barneskule.

Rådmannen ser det som positivt å få bustader her.

Hytter og hus i Kåvika

På oppdrag frå Øystein og Margaret Alme har Sporstøl Arkitekter starta opp eit planarbeid for å leggje til rette for framtidig utvikling av eit mindre område for ein bustad, fire fritidsbustader og naust med tilhøyrande vegar og anlegg. Samla planområde er på 17 dekar.

Rådmannen meiner planforslaget er godt gjennomarbeidd. Det blir lagt til rett for både utvikling og bevaring av landskap og kulturmiljø.

Formannskapet blir råda til å leggje forslaget til detaljregulering for Kåvika ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Byggjeklare tomter i Liavåg

Marius Haugen har engasjert Per Mulvik AS for utarbeiding av detaljregulering av ei område i Liavågen i Hjørungavåg. Haugen er i kontakt med grunneigar for å kjøpe halve teigen på totalt 5500 m².

Arealet er uregulert, men avsett til bustadformål med krav om detaljregulering.

Rådmannen ser positivt på å få fleire byggjeklare bustadtomter i Hjørungavåg og rår formannskapet til å gje løyve til oppstart av privat detaljregulering for Liavåg.