Frå styret i Ulstein historielag:

Måndag 19.mars ynskjer styret i Ulstein historielag alle interesserte,medlemar og ikkje medlemar,velkomne til å høyre arkeolg Arve Eiken Nytun holde foredrag i kommunestyresalen i Ulsteinvik. Vi har bede han fortelje om dei endringane vårt lokale landskap har gått gjennom etter at den siste istida slutta for 10-12 000 år sidan,og kvar vi har funne spor etter dei menneska som har budd her i desse tusenåra.

Havnivået har endra seg mykje i denne tidsbolken. Det har vore både høgare og lavare enn det noverande. Til dømes vart den velkjende strandvollen Jarbryggja på Skeide laga av at havet steig 15-20 meter i løpet av ca.3 000 år og bårene då bygde opp denne særprega ryggen. Då dei fyrste menneska kom hit i denne perioden,busette dei seg i stor utstrekning  nær fjøra. Slik vil vi finne far etter folk av ulik alder i ulik høgde over det noverande havnivået,alt etter kvar sjøkanten var den gongen desse menneska levde her. Det er mellom anna funne steinalderboplassar som no ligg under vatn. Det er spanande historie over fleire tusen år me soleis vil få høyre denne kvelden. Både naturhistorie og menneska si fyrste historie på Sunnmøre,og særleg i Ulstein.Arve Eiken Nytun har vokse opp her på øya og er slik lokalkjent,og altso utdanna arkeolog,no tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er eit ope møte for alle interesserte,men historielaget skal også avvikle eit raskt årsmøte i løpet av denne kvelden. Det vert også mat- og kaffipause! Vel møtt til alle!

Sjå også annonser i  Vikebladet Vestposten.Styret