– Vi håper lokalbefolkninga kjem til å bruke oss flittig når dei nyt nokre velfortente fridagar, fortel hotellsjef, Erik Mathias Lystad.

Sidan han byrja som hotellsjef i 2016 har Lystad hatt eit motto – å gjere hotellet meir synleg for lokalbefolkninga. Det er hovudgrunnen til at Quality Hotel Ulstein for fyste gong på 10 år, held ope i påska.

– Det er berre restaurant og bar som vert i drift. Vi stengjer overnattingsbiten fordi vi vil halde fokus på dei som bur rundt hotellet i staden. Vi vil tilby lokalbefolkninga ein plass å gå ut og vere sosiale. Dei kan ta seg ein matbit og litt god drikke og kanskje treffe familie eller vener for å samlast i kjekt lag. Det er viktig at dei som bur her veit at dei kan bruke hotellet til so mykje meir enn dei kanskje trur. Vi er nemleg ikkje berre er eit hotell for tilreisande forretningsfolk. For å kunne klare det, må vi halde ope so mykje vi kan, informerer Lystad.

Kanskje rombestilling

Det er ei kjent sak at hotellet har ein god del av dei involverte i NRK serien "Heimebane" buande hjå seg. Det har vore mykje merksemd rundt innspelinga av den fyste sesongen. No når TV-kanalen har byrja å spele inn sin andre sesong av den lokalbaserte dramaserien, bugnar det av menneske i resepsjonen.

Hotellsjefen understreker at innspelinga av sesong to av På Heimebane ikkje har ein finger med i spelet for at hotellet vel å halde ope i påska.

– I alle fall so har vi ikkje tenkt på det denne gongen. Neste påske vert det kanskje annleis og vi kan få enda større grunn til å halde ope. Kanskje kan vi også tilby rombestilling etter kvart. Det kjem an på korleis vi kan klare å lokke turisme hit og kor stor interesse for Ulsteinvik TV-serien kan klare å trekke til seg, seier Erik Mathias Lystad.