(NPK): I fjor deltok så mange som 187 land og territorium i feiringa av WWFs Earth Hour. Ikkje mindre enn 3.100 landemerke og ikon, frå Eiffeltårnet til Big Ben og Tokyo Tower, sløkte lyset i ein time for å vise at menneska står saman mot klimaendringane.

Jordtimen er nemleg meint å skape medvit om klimaendringane og utfordringane vi står overfor. #Connect2Earth er slagordet for årets kampanje. Det handlar om at ei berekraftig framtid startar med handlingane våre i dag. Det handlar om at nokre av dei tinga som vi tar for gitt, kan ha stor innverknad på miljøet. Og det handlar om å gi noko tilbake til jordkloden, som er heimen vår.

Jordtimen byrja som ei symbolsk markering i Sydney i Australia i 2007 etter initiativ frå WWF (World Wide Fund for Nature) og har sidan vakse til å bli ein verdsomspennande klimakampanje. Første gongen deltok 2 millionar menneske. I 2012 var så mange som 1,8 milliardar menneske med. Her i landet blei jordtimen arrangert for første gong i 2009.

Alle med tilgang til ein lysbrytar har sjansen til å bidra. Med andre ord eit arrangement for dei fleste.