- Det blir ikkje jobba med konkrete forslag om nedlegging av sjukeheimsplassar og endring av skulestrukturen i Hareid.

Dette var rådmann Ragnhild Velsvik Berge sitt svar på eit spørsmål frå Bernt Brandal (Folkelista) i Hareid kommunestyre torsdag om kva som låg i eit par avisopplag der det hadde stått at talet på både skular og sjukeheimsplassar kunne vere noko å sjå på når det galdt korleis pengane i kommunen skal brukast i tida framover.

Avisoppslaget kom etter eit møte der rådmannen, den kommunale leiargruppa og formannskapet drøfta dei økonomiske disposisjonane i tida framover.

Brandal hadde forstått det slik at rådmannen hadde teke til orde for nedlegging av sjukeheimsplassar og endring av skulestruktur – noko Folkelista var sterkt imot. Han ville derfor ha eit svar på om dette var rett oppfatta.

Rådmannen sa at oppvekst og velferd var dei to store tenesteområda i kommunen der ein kunne ha noko å hente.

– Alle steinar må snuast, men eg jobbar ikkje konkret med nedlegging av sjukeheimsplassar og endring av skulestruktur. Det var kun ein faktagjennomgang, sa Berge.

Bernt Brandal sa seg godt nøgd med svaret, som han tolka til at det berre var snakk om synsing og ikkje konkrete planar.