Ja, du les rett. Det var nemleg det som gjorde at ein Securitas-kontroll gav Coop prikk for å ha brote alkoholforskrifta. Avviket var at nokre flasker med alkoholfritt øl med prislabel stod på same hylle som alkoholhaldig øl.

Ifølgje kontrolløren hadde ansvarshavande på Coop sagt at dei ville rette avviket umiddelbart.

Securitas understreka på si side at det ikkje var snakk om å ta ifrå butikken løyvet til å selje øl. Og dessutan blir det ikkje reagert før det har samla seg opp 12 prikkar over ein toårsperiode. Så Coop har framleis 11 å gå på.

- Prikk for alkoholfritt?

Fleirtalet i Hareid kommunestyre (11-8) vedtok å ta til vitande at Coop hadde fått prikk for å ha feilplassert alkoholfritt øl i hyllene sine, men det var ikkje alle som forstod kvifor dette var ei sak.

Oskar Grimstad (FrP) undra seg storleg over at kommunestyret skulle bruke tid på slikt. – Og endå til få prikk for å selje alkoholfritt øl!

Formannskapssekretær Helga Bø Grimstad sa at regelen var at brot på alkohollova skulle til kommunestyret.

Kjartan Grimstad (FrP) gjentok så det som var sagt tidlegare: - Det er ikkje alkoholhaldig øl som er feilpassert, men alkoholfritt!

Marianne Overå (Folkelista): - Eg kan ikkje skjøne at det skal vere ulovleg. Då saka var oppe i levekårsutvalet trudde eg det galdt alkoholhaldige varer.

Brandalskoret får skjenke

I ei anna sak fekk Brandalskoret løyve til å skjenke alkohol med styrkegrad på inntil 22 prosent under ein songarstemnefest i Hareidhallen laurdag 9. juni. Berre KrF sine to representantar stemte mot.

Innvendinga frå KrF gjekk på at songarfesten skal vere i Hareidhallen – ein stad der born og unge har sine aktivitetar. Berre ein gong før, vart det sagt, hadde det vore gitt grønt lys for skjenking i bygget. Det også under eit songarstemne – i regi av Bigset Blandakor.

KrFs Marit Øien Sæverud uttrykte ønskje om at saka kunne bli eit døme på ei sak der KrF ikkje vart ståande åleine – som så mange gonger før.

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) kunne godt ha tenkt seg å stemme med KrF, men gjorde det ikkje fordi Hareidhallen var den einaste plassen i bygda der ein kunne halde slike arrangement. Men ho håpte det ikkje vart nokon vane å nytte hallen til alkoholservering.

Annika Brandal (V) var samd. Det måtte ikkje bli automatikk i å stemme for skjenkeløyve, men ho la for sin del vekt på at det var snakk om eit lukka arrangement. Ho ville hatt ei anna innstilling dersom det var eit ope arrangement.

Oskar Grimstad (FrP): - Eg er liberalist og stemmer etter det. Dette er eit arrangement vi elles ikkje ville ha fått viss vi ikkje har det i denne ramma.

Kjartan Grimstad (FrP) minte om at det historisk sett har vore mange songarstemne på Hareid, men utandørs og dels med bruk av «Fantehuset». - Det er 300 songarar som deltek. Blir det nei til skjenking, må vi kansellere heile stemnet, sa Grimstad, som tilliks med broren Oskar syng i rekkene til Brandalskoret.

Enkelte ymta frampå om at dei kanskje burde ha vore inhabile i debatten, men ingen foreslo det.