– Reguleringsplanane er godkjende for lenge sidan. No ventar vi berre på vatn og avlaup. Det er med andre ord berre Hareid kommune det står på, seier Håkon Røyset til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at han og dei andre eigarane av eit ferdigregulert bustadfelt på Røyset vart forundra over å lese stykket om Fremste Teigane 2 som stod på trykk i Vikebladet Vestposten nyleg, der kommunen ved ordførar Anders Riise (H) sa at ein trengde byggjeklare tomter så raskt som råd.

– Vi blei lova at arbeidet med å kople Røyset på det kommunale vass- og avlaupsnettet skulle ta til innanfor ei rimeleg tidsramme etter vedtaket om å godkjenne reguleringa. Det er rundt to år sidan vedtaket blei gjort. Vi hadde inntrykk av at dette arbeidet skulle finne stad i år, men har ikkje høyrt noko frå kommunen. Skal ein kunne byggje bustader på desse 18 ferdigregulerte tomtene er ein heilt avhengig av at vi er kopla på vass- og avlaupsnettet. Det er nok av problem knytt til løysingane vi allereie har her inne, seier Røyset.

Bustadane på Røyset er per i dag knytte til brønnar, og fleire hus deler gjerne på ein brønn.

– Éin har hatt mykje problem med frosten, og ein annan har henta vatn og lagra det i ein mjølketank på eigedommen sin i årevis. Det er klart det ikkje skal vere slik, seier Røyset oppgitt.

Avlaupsløysingane i bygda er i all hovudsak bruk av septiktank.

– Her er bra med tomter

Røyset og fleire med han reagerte som sagt på saka om Fremste Teigane 2, der Hareid kommune tek ein omkamp med Møre og Romsdal fylkeskommune si vurdering om at arealet er eit automatisk freda kulturminne.

– Det er litt underleg at kommunen nyttar så mykje energi på ein liten jordlapp med åtte bueiningar. Eg vil ikkje tru at dette vil ha den store verknaden på utviklinga i Hareid og busetnaden her. Ein har Holstad-feltet, som kommunen sjølv sit på, feltet her inne på Røyset, utvidinga av Melshornlia, Hovden med mange ledige tomter, ja, her er mykje å ta av, seier Håkon Røyset.

Feltet på Røyset er ferdigregulert, under namnet Røyset 2. Håkon er éin av fleire eigarar av det 18 tomter store byggjefeltet, og fortel at området byr på flott utsikt og nærleik til både Hareid og Ulsteinvik.

– Det er ikkje lange biten om ein vil ned til Hareid eller over til Ulsteinvik. Her får ein flotte butilhøve, som trass alt er nok så sentrumsnære, seier Håkon Røyset og legg til:

– Om kommunen nyttar tid og energi på å få i stand infrastrukturen til byggjefelta som allereie er ferdigregulerte, er vi langt komne med tomtesituasjonen.

– Byggjestart etter ferien

Kommunalsjefen for samfunnsutvikling, sektoren som mellom anna femnar om kommunalteknisk drift, Kai-Rune Bjørke, fortel at planen er å setje i gang arbeidet etter sommaren.

– Det er ingen motsetningar mellom prioriteringane av bustadtomter på fremste Teigane og bygging av infrastruktur til blant anna Røyset 2, seier Bjørke og legg avslutningsvis til:

– Kommunen har no gjort ferdig prosjektering av veg, vatn og avlaup frå Bjåstad til Røyset. Prosjektet er fullfinansiert i 2018. Planen no er å lyse ut konkurranse på utførande, altså å finne entreprenør, og at ein tek sikte på byggestart etter ferien.

I alt 18 bustadtomter på Røyset er ferdigregulerte og klare til bygging – men tilknyting til det kommunale vass- og avlaupsnettet manglar. No etterlyser grunneigarane fortgang i prosessen. Som ein ser av dette biletet frå nordsida av feltet, har ein flott utsikt ned mot Snipsøyrvatnet og dei kringliggjande fjella. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.
Slik ser dei i alt 18 ferdigregulerte bustadtomtene (markert med lysare gulfarge) på Røyset ut på kommunekart.com. Foto: Skjermdump.