I 10 veker har elevane fått elevane praktisk opplæring i installasjon av elektriske og elektroniske system om bord på skip. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Elektrikarfaget er eit yrke som stiller store krav til både nøyaktig arbeid, tryggleik og dokumentasjon.

- Eg har gledd meg til arbeid kvar dag. Det er mykje kjekkare og meir lærerikt å få sjå korleis ting faktisk skal sjå ut istaden for å lese seg til det. Her har vi blitt slengde ut i arbeid, og det er heilt nydeleg! På desse ti vekene har eg fått mykje meir læring innan skikkeleg montering, koblingar og riktig utført arbeid, seier elev Ruben Halseth.

Lærar med permisjon frå Ulstein

Sidan skulestart i haust har Hanne Notøy, til vanleg elektrikar og lærlingansvarleg i Ulstein, vore i eit engasjement som lærar og koordinator for tredje klasse ved elektrolinja på Ulstein vidaregåande skule:

- Som lærar i eit VGS-løp i skulen der praksis er største biten, set eg umåteleg stor pris på at vi får vere her i 10 veker. Sjølv i vanskelege tider har verksemdene i området vore positive til å ta i mot elevar og gje dei muligheit til å få utplassering og arbeidserfaring. Dette er gull verdt for elevane, seier Hanne Notøy.

Framtidig arbeidskraft

- Det passa godt å få inn elevane no, då vi har godt med arbeid no. I tillegg er det ein stor fordel at Hanne er med og kan styre dei. Dette er ein vinn-vinn situasjon for oss. Når vi utover hausten har behov for meir arbeidskraft, veit vi kva desse potensielle kandidatane står for, og kanskje er her nokon som kan tenke seg å jobbe for oss, seier Dagbjørn Myklebust i Ulstein Elektro Installasjon.

Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon lyser no ut ledige lærlingstillingar innan fleire område: elektrikar, platefaget, sveising, industrimekanikar, industrirørleggar og industrisnikkar. Søknadsfrist er 25. mars.

Frå venstre ser ein Ruben Halseth, Anne-Lise Ytrelid, Raymond Ramsevik ogTor Arve Osdal. Foto: Ulstein Group.