Ivar Bjørnøy Lalim, rådgjevar for statistikk, avdeling for kyrkjeordning, kan opplyse om at talet på døypte i kyrkjene i Ulstein og Hareid gjekk opp i 2017. Ifjor vart 14 fleire born og unge døypte i Ulstein, 7 fleire i Hareid.

Dette er stikk strid med den nasjonale trenden at færre born blir døypte.

Førre veke publiserte SSS kyrkjelydene sin årsstatistikk for 2017. Årsstatistikken viser at det var ein nedgang i talet på døypte i kyrkjelydene i Den norske kyrkja.

Omkring halvparten av nedgangen forklarer dei med at det i 2017 vart fødd færre born. 2017-kullet var det minste kullet sidan 2003.

Samtidig ser ein også at prosentdelen av kor mange som vel å døype borna sine synk. Noko at det kan hengje saman med fleire immigrantar i Noreg, meiner Lalim. Når eit mindretal av immigrantane søkjer dåp i Den norske kyrkja, går også talet på dåpsborn ned.

Men kyrkjene i Hareid og Ulstein kan derimot vise til ein motsett trend.