Natt til sundag 25. mars startar sommartida. Klokka to på natta skal du stille klokka éin time fram, eller du kan vente til du vaknar neste dag.

Fram eller tilbake?

Mange slit med å hugse om dei skal stille klokka ein time fram eller tilbake. Ein hugsregel er at ein ser fram til sommaren, difor skal ein på våren stille klokka ein time fram. På hausten lengtar du tilbake til sommaren, og skal stille klokka ein time tilbake.

Innført for å spare straum

Sommartid vart opphavleg innført i ei rekkje land i Europa under første verdskrigen. Føremålet var å utnytte dagslyset betre i den perioden av døgnet som ein normalt er vaken. Èin lys time ekstra om kvelden ville spare energi til oppvarming og belysning.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980.

For land i EU/EØS-sona startar sommartida klokka 0200 siste sundagen i mars og sluttar klokka 0300 siste sundagen i oktober.