Måndag var det oppe fleire saker i Hareid formannskap som kan resultere i fleire tomter til både bustader og hytter. Og alle sakene fekk tommelen opp.

– Dette er ei positiv sak, og det er i eit veldig fint nabolag, sa varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) som kommentar til utbyggingsavtalen mellom Hareid kommune og Total-Bygg Hjørungavåg AS om Iverskogen. Utbygginga gir plass til 19 husvære fordelt på 9 tomter.

Ordførar Anders Riise (Høgre) melde at det skal vere stor interesse for dette prosjektet.

Formannskapet gav også klarsignal til at Lidvar Grimstad kan omregulere eit område frå offentleg tenesteyting til bustadføremål på Brekkane. Einingsleiar Silja Øvrelid kunne opplyse om at området han vil ha omregulering ikkje gjeld grunnen som er avsett til eventuell utviding av Hareid skule.

– Det er veldig positivt at folk i sentrum tar initiativ til dette, rosa Fuglseth.

Vidare godkjende dei oppstart av planarbeid for hytter og hus i Kårvika. Og dei gav løyve til oppstart av privat detaljregulering for Liavåg, noko som vil gje fleire byggjeklare tomter i Hjørungavåg.

Alle vedtaka var samrøystes.