– Etter det vi veit, har dette skjedd over ein lenger periode, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Det heile starta då ei kvinne melde frå til politiet at ho hadde oppdaga at nokon hadde teikna eit mobilabonnement i hennar namn. I tillegg hadde ho fått ein faktura i posten som ho ikkje forstod noko av.

– Vi har fått fleire meldingar etter kvart, og så har vi sett ein samanheng mellom dei ulike sakene. Det handlar til dømes om same framgangsmåte i dei ulike sakene, fortel Pettersen.

Ransaking og beslag

I etterforskinga kom politiet fram til mannen, som no er sikta.

– Ja, vi hadde så sterke opplysningar at vi kunne sikte vedkomande. Tingretten gav oss lov til å ransake heimen hans, seier lensmannen.

Under ransakinga gjorde politiet ei rekkje beslag, som igjen førte til at det vart oppdaga at endå fleire personar ser ut til å vere utsette for identitetstjuveri. Etterforskinga er ikkje ferdig, men politiet antydar at ein stad mellom fem og ti personar i Ulstein og Hareid ser ut til å ha vorte råka av ID-tjuveri.

– Det uroar oss at folk ikkje oppdagar sjølve at nokon bestiller varer på nett eller opprettar telefonabonnement i namna deira. Difor vil eg gjerne informere gjennom lokalavisa om dette, slik at folk kan vere litt obs, seier Hans-Eirik Pettersen.

Personnummer

Til no i etterforskinga har politiet funne ut at personar både i Ulstein og i Hareid ser ut til å vere ramma av ID-tjuveri. Men mange av sakene stammar frå eit avgrensa geografisk område, ei gate til dømes. Førebels vil ikkje lensmannen seie så mykje om korleis svindelen skal ha skjedd.

– Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje gje så mange detaljerte opplysningar om framgangsmåten her, men vi fryktar altså at fleire enn dei vi veit om til no, kan ha vorte utsette for det same eller noko liknande. Det som er klart, er at den sikta ser ut til å ha fått tak i personnummera til dei fornærma.

Korleis har han fått tak i dei, har han til dømes teke brev frå postkasser?

– Det vil eg ikkje seie no, sidan etterforskinga enno ikkje er avslutta. Men eg vil oppmode alle om å ta godt vare på personnummeret sitt, og ikkje minst melde frå til politiet viss dei får uforklarlege fakturaer i posten, seier Pettersen.

Fleire tusen kroner

Politiet er ikkje heilt sikre på kor lenge denne svindelen kan ha gått føre seg, men dei eldste sakene er frå 2017. Etter at bustaden til den sikta vart ransaka, har politiet også teke opp igjen tidlegare saker som var lagt vekk på grunn av bevisets stilling.

Den sikta skal ha bestilt ei rekkje varer i andre sitt namn. Dei fornærma har fått krav om å betale frå nokre hundrelappar til opp mot femti tusen kroner.

Lensmannskontoret i Hareid og Ulstein er snart ferdig med etterforskinga.

Hans-Eirik Pettersen, lensmann i Ulstein og Hareid Foto: Arkivfoto: Ole-Ottar K. Høgstavoll