Statens vegvesen melder om at mange trafikantar vil møte skilt som varlsar vegarbeid på vegane i Møre og Romsdal 2018. Det er 100 små og store vegprosjekt som skal setjast ut i livet.

I tillegg til alle prosjekta kjem den daglege drifta av 3500 km riks- og fylkesvegar i Møre og Romsdal. Statens vegvesen omset for over 580 millionar i året i driftskontraktene, som omfattar mellom anna brøyting, kantslått, grøftereinsk, skilting og feiing av vegane.

- Rydding av skog for ebtre sikt, drenering, sikring av fjell, utbetring av gatelys og sikring av vegane sitt sideterreng fører sjeldan til fest og snorklipping, men det er utruleg viktig for at alle skal kome seg trygt fram, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Han oppmodar trafikantane til å ta det roleg og senke farta når dei kjem ut for vegarbeid. - Dei få sekunda du tener er ikkje verddt det, viss ikkje alle kjem seg trygt heim, varslar avdelingsdirektøren.

Vegvesenet vil utbetre bruer, tunnelar og fornye utslitte vegar. Nær halvparten av prosjekta er bruprosjekt. og to av dei er i Hareid kommune. Det eine er Brandalsbrua. Der vil det kome ny bruplate på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det andre prosjektet i Hareid er Mylnebrua. På oppdrag frå fylkeskommunen vil dei reparere bjelke og leggje på nytt dekke.