I midten av februar skreiv lokalavisa om at Lisa Mari Breivik Anderson ønskte å kjøpe ein Foodtruck til firmaet sitt Gode Greier. Med denne bilen ønskjer ho å reise rundt i regionen og selje kortreist mat.

Men Anderson sleit med finansieringa. Bilen var dyrare enn først antatt.

Brautaset fortel at han las dette ein fredagskveld, og artikkelen trefte han. Same kveld kontakta han både Andre Skotheim og Lillian Kleven Breivik som han arbeider i lag med i Sparebank 1. Banken har forskjellige stipend og prisar dei deler ut, men har til no mangla ein gründerpris. Dei har diskutert å innføre ein slik pris, men hadde ikkje bestemt seg for kva rammene for prisen skulle vere. Men då Brautaset las om Anderson tenkte han at det var akkurat dette dei var ute etter.

– Overskrifta var «Draumen om ein Food truck», og det er jo nettopp draumar me ønskjer å vere med å realisere, forklarer Brautaset.

Frå hobby til levebrød

Banksjef Brautaset er full av lovord over Lisa Mari Breivik Anderson. Ho har tatt ein hobby først til attåtnæring, deretter til levebrød. Og det er slik all næringsverksemd startar.

Anderson har halde det gåande med Gode greier over fleire år og utvikla produkta og firmaet sitt. Ho har vist stayerevne og vilje og evne til innovasjon. – Det er meir krevjande enn ein skulle tru, slår Brautaset fast. Når ho no ville ta steget og investere i ein eigen bil, ville banken hjelpe til.

– Det er gründerane me skal leve av. Dei fleste bedrifter er små eller mellomstore. Og alle startar i det små, seier Brautaset.

Han synest også det er stas å få vere med å støtte ein kvinneleg gründer, dei er det ikkje for mange av. Han trur det har samanheng med at det er fleire menn enn kvinner som tør å ta sjansar. Han håpar og trur at Anderson kan vere med å inspirere andre, også kvinner.

For Sparebank 1 er det viktig å støtte det lokale. Gode Greier er ei lokal bedrift, og dei nyttar lokale råvarer.

Dei kalla inn Lisa Mari Breivik Anderson til eit møte. Noko som ende med gründerstipend på 100 000 kroner og lån i banken.

Overvelda

Lisa Mari Breivik Anderson var overvelda over støtta og godorda frå banken.

– Eg hadde aldri greidd dette utan dykk, takka ho.

Ho er også takksam for all støtte ho har fått frå folk. Til saman har folk kjøpt gåvekort på forskot til Foodtrucken på 100 000 kroner. Summane er alt frå 150 kr til 5000 kr, så også dei som ikkje har så mykje pengar har vore interesserte i å støtte. Når det er så mange som heiar på Anderson ville ho ikkje skuffe dei og gje opp draumen.

No er bilen bestilt. I førre artikkelen stod det at bilen skulle produserast i Danmark. Men no vart bilen bestilt i Noreg. Det vart billegare og også meir etter Anderson sitt hjarte. Nokre lagar bilen, andre innreier han.

– Så no vil bilen kome frå Førde, Hamar og Ålesund, fortel Anderson.

Ny attraksjon

Andre Skotheim er sikker på at den nye bilen til Anderson vil bli ein attraksjon for Ulsteinvik. Det er ikkje så mange som har ein slik bil. Lillian Kleven Breivik likar godt at det her blir sunn mat med gode råvarer.

– Men det er vel ein del sukker i produkta?

– Jau, i sløsj og syltetøy er det sukker, men det er råvarene som står i sentrum. Og i maten eg vil selje frå bilen blir det sunnare alternativ enn pizza og hamburgar.

No er det snart påske, og då blir det nok ikkje arbeidd med bilen. Men når dei er i gang vil det ta rundt to månader å få bilen ferdig, noko ho gler seg til. I starten av juni kjem Heimebane tilbake til Ulsteinvik for ny rundar med innspeling, kanskje ho greier å snike med bilen sin i bakgrunnen, som ein del av bybiletet?

food truck: Med ein slik bil planlegg Lisa Mari Breivik Anderson å køyre rundt i regionen og selje mat. På sommaren kan det ver sløsj, rundt lønsjtider kan det vere suppe og anna godt ho sel. Foto: teikning