Kjernen i saka var bygging av gangpassasje mot sjø rundt utbygg.

Mange kritiserte at utbygginga berre var ”tilnærma universell”.

Ulstein kommune har tidlegare vedteke at all utbygging skal ha universell utforming, d.v.s. at det skal vere muleg å kome seg fram også for rørslehemma.

Men i Sjøsida II blir der ein stopp i form av ei trapp, slik at rullestolbrukarane må snu og ta omvegar. Teknisk utval hadde elles gått imot at det var gitt dispensasjon til å bygge leilegheiter i 1. etasje i staden for forretningslokale, noko Odd-Arne Vikebakk (KrF) mislikte og meinte undergrov den autoriteten og det myndet som låg til kommunen sitt fagorgan.

Ottar Kaldhol (AP) meinte saka var eit døme på samspelet mellom det private og det offentlege. Det var nesten kvar sin gong å støtte eit prosjekt. Men han kritiserte at saka ikkje var lagt fram for fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Derfor hadde han vurdert eit utsetjingsframlegg på grunn av tilkomsten, som ikkje stetta krava til universell utforming.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) la seg langflat og var samd i at saka burde ha vore lagt fram for fellesrådet.

Hannelore Måseide (V) meinte planane ekskluderte mange av innbyggarane. Ho kalla løysinga ei kvasiløysing og ville ikkje stemme for å bruke pengar på det.

I fare for å bli oppfatta som ein grinete gamling sa Morten Feiring (SV) at Ulstein SV var samstemte i å ikkje legge inn 2,5 mill. i prosjektet. Han viste til kommunen sin innsparingspakke. Utbyggar måtte ta heile kostnaden sjølv. – Det ville ha vore mykje betre at kommunen nytta pengane til å stimulere til sal av hustomter i indre Ulstein, t.d. 100.000 per tomt, sa han.

Lisa-Mari Breivik Anderson (SP) var prinsipielt imot høge hus som bygde igjen utsikta til sjø. Det måtte halde med ein etasje. Ho ville ta sjøfronten tilbake. – Men eg veit eg ikkje kan stoppe dette, la ho til og kritiserte bruken av uttrykket ”tilnærma universell”. – Vi må ta Sjøsida tilbake for alle, ikkje berre dei som kan gå i trapp, sa ho.

Steinar Torvik (KrF) hadde tiltru til at utbyggar ville lage noko bra. Det viktigaste var at der var tilkomst. Men han sleit med å tilrå løyvinga i lys av den økonomiske situasjonen.

Ottar Kaldhol (AP): – Hadde fellesrådet fått saka før, ville eg aldri ha tilrådd dette. Eg ser relativt alvorleg på at det er laga ein stopp som gjer at den som ikkje kan bevege seg over alt, må snu tilbake.

Oddvar Gjerde (SP) syntest at så lenge Ulstein hadde gjort unntak for verk og bruk i E-skatten, så var det eit urimeleg krav at kommunen skulle gå inn med midlar til Sjøside-utbygginga.

Engh (Frp) minte om at det i heile den 1,4 km lange strandlinja frå Vikholmen til Saunesparken var fullt framkomeleg for rullestolbrukarar. – Det vi snakkar om i dag er eit lite område. Vi deltek i utbygginga av eit offentleg uteområde, som vi har gjort på Geileneset, i Trivselsgata o.s.v. Og vi legg til rette for leilegheiter i sentrum. Ein vinn-vinn-situasjon.

Engh peikte også på at det ikkje var utan grunn at Ulstein vart peika på i alle samanhengar når det galdt tettstadutvikling.

– Nasjonal bylivskonferanse er også lagt til Ulsteinvik i år, minte han om.

Eldar Knotten (V) hadde først og fremst vore oppteken av å ikkje bruke dei 2,5 millionane. Han gjekk imot først og fremst fordi han ikkje ønskte å bruke pengar. – Der må vere ei grense for kva vi skal bidra til, sa han.

Løyvinga skal inn i økonomiplanen for 2019. Utbyggar av Sjøsida II er Ulsteinvik Utvikling AS.