Politikarane i Ulstein – i alle fall dei som tok ordet i kommunestyret torsdag – vil halde intensjonar om endringar i skulestrukturen langt frå dørene.

Punkt N i den omstillingspakken som Ulstein kommune no går inn i på grunn av lågare skatteinngang og ei skyhøg gjeld, går nettopp på endringar i skulestrukturen. Eit ”overnervøst” kommunestyre sletta jamvel ei formulering om at skulestrukturendringar ikkje var aktuelt i denne perioden.

Eksplosivt forslag

Ivar Mork (AP) viste til kor eksplosivt forslaget om endring av skulestruktur fungerte då det først vart sett fram. – Det vart begjærleg gripe fatt i av pressa og det vart eit veritabelt jordskjelv – og etterskjelva går enno, sa Mork, som var glad for at formannskapet hadde lagt saka død.

Mork (som bur i Haddal) sat sjølv att med ein tanke om at dei der inne skulle vere salderingspost for alt det bra ein hadde fått til i sentrum. – Det var veldig uheldig og vi må passe oss for å ikkje tenne den lunta igjen. Det er viktig å få med alle krinsar på omstillinga, sa han.

Fjerna endring av skulestruktur

Skuledebatten i omstillingspakken vart for så vidt ein skinn-debatt. Punktet N hadde fått henge med i saksdokumenta «reint teknisk» – og sjølv ei presisering av at saka var lagt død i inneverande periode vekte innvendingar. Det enda med at eit framlegg frå Marianne Breivik (AP) – om at endring av skulestruktur ikkje skulle nemnast i det heile – vart vedteke samrøystes.

Ikkje «kjempedramatisk»

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) sa at omstillingsprosessen ikkje var ”kjempedramatisk”, heller ganske moderat – noko rådmannen sa seg samd i ved å seie at kommunen ville greie å gjennomføre innsparingane ”galant” utan å gå laus på skulane.

Åtvara mot renteauke

Oddvar Gjerde (SP) løfta rett nok ein åtvarande peikefinger om den varsla renteauken til hausten – ein auke som ville kunne slå hardt ut med den høge gjelda Ulstein hadde. Det var derfor viktig å få ned lånegjelda.

Ein del fell utanfor

I eit innlegg nemnde elles Hannelore Måseide (V) at ho hadde stussa over at kommunen brukte 10,8 millionar kroner i økonomisk sosialhjelp i 2017. – Det høgaste nivået i Møre og Romsdal og dobbelt så mykje som kommunar vi kan samanlikne oss med.

Ho oppfatta det som eit signal om at kommunen hadde problem med å fange opp dei som streva. – Er vi i ferd med å få eit samfunn der vi mistar ein del under radaren? spurde ho.

Tenestene kan bli svekka

Omstillingspakken vart vedteken samrøystes. Sentrale bitar er inndraging av ¼ av alle innkjøpspostar og at alle stillingar blir vurderte ved naturleg avgang og når tilsette sluttar.

– Men vi må vere ærlege på at kvaliteten i tenestene våre kan bli svekka, sa rådmannen.