(NPK): Med støtte frå Sparebankstiftelsen har dei tre organisasjonane no starta prosjektet Oppdrag fuglekasse. Målet er å hjelpe fuglane med gode reirplassar, men òg å spreie naturglede, kunnskap og engasjement for fuglelivet.

– Vi ønskjer å få folk meir ut i naturen og spreie kunnskap om kva krav dei ulike artane stiller til biotopane. Samtidig er fuglekasser rett og slett praktisk naturvernarbeid, for mange av fuglane våre treng ein stad å bu, seier naturvernrådgivar Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening.

Prosjektet går over tre år, og kvart år peikar dei tre organisasjonane ut tre artar som skal få særleg merksemd. I år er det kjøttmeis, star og tjeld som skal få ein skikkeleg tilbods-boom i fuglekassemarknaden.

Årets fugl, tjelden

Ornitologforeninga har peika ut tjelden som årets fugl. Tjelden er som kjøttmeisa talrik over heile landet, men bestanden viser teikn på tilbakegang.

Staren var før vanleg over heile Noreg, men er no kategorisert som nær trua, ifølgje Artsdatabanken.

Kjøttmeisa var i den årlege hagefuglteljinga i år igjen den mest vanlege arten av alle, slik ho har vore sidan teljedugnaden byrja i 2008.

Dei tre artane treng ulike typar fuglekasser med ulike mål. For tjelden er det ideelle eit ope hekkebrett, der òg fiskemåker kan finne på å slå seg ned. Dei andre vil ha tak og vegger rundt reiret.

– For mange fugleinteresserte i Noreg starta interessa med fuglekasser. Det er ein fin måte å komme nært innpå fuglane, samtidig som det er motiverande å gjere noko praktisk og hjelpe dei, seier Eggen.

Vanskelegare i skogen

Og hjelp treng dei, ifølgje Eggen. Det moderne skogbruket gjer at det blir mindre gammal skog og færre sprekkar og holrom i trea. Spettefuglane, som lagar desse holromma, har det òg vorte færre av i denne typen skog.

– Det er ein av hovudgrunnane til at det er behov for fuglekasser. Ein annan ting er at vi byggjer veldig tette hus, som gjer det vanskeleg for fuglar som gråsporv og star å finne holrom i dei, slik dei gjorde før.

Hekkinga startar for meis og star i slutten av april sør i landet og litt seinare opp mot fjellet og nordover. Afrika-trekkarar som svart og kvit flugesnappar – som elles stiller dei same krava til fuglekassa som kjøttmeis – kjem tidlegast til landet i månadsskiftet april – mai. Dermed går det an å setje opp ei kasse godt uti mai og likevel få tilslag.

Lokale fuglekasseverkstader

Den som kan og vil, kan gå i gang med snikringa med det same, men det er òg hjelp å få ved lokale fuglekasseverkstader over heile landet.

– Det er ein viktig del av prosjektet å aktivisere lokallaga og fylkeslaga i dei tre organisasjonane. På verkstadene er det meininga at barnefamiliar og andre skal kunne komme og snikre seg fuglekasser. Det krev litt utstyr, og det kan vere litt tiltak å gjere det heime.

– Dessutan stiller vi med meir eller mindre ferdige fuglekasse-sett som er lette å spikre i hop, fortel Eggen.

Kamera i kassa

Oppdrag fuglekasse har sett seg som mål å få opp 1.000 nye fuglekasser i år og vil gjerne at folk registrerer kassene sine på nettstaden deira. Der er det òg gode råd og tips å hente.

Den som vil gjere fuglekasseprosjektet sitt ekstra spennande, kan gjerne montere kamera i fuglekassa. Det går fint så sant det ikkje forstyrrar fuglane, slik det går fram av Miljødirektoratets retningslinjer for bruk av kamera i fuglekasser.

– Ja, det finst mykje bra utstyr for det no. Det er fantastisk spennande å kunne følgje med, og du kan dele bileta med venner. Mange synest det er veldig gøy, seier Martin Eggen.

Oppdatert oversikt over lokale verkstader kjem her.

(Fakta) Fuglekassebyggjarlova

1. Heng ikkje opp fleire kasser enn du kan vedlikehalde.

2. Fest kassene slik at dei ikkje skader tre eller kan dette ned.

3. Forstyrr ikkje fuglane under reirbygging og egglegging.

4. Rør ikkje egg og ungar.

5. Reins kassene når hekkesesongen er over.

(Kjelde: Oppdrag fuglekasse )

Oppdrag fuglekasse vil ha folk med på å hjelpe den stadig sjeldnare staren med å finne reirplass. Foto: Jan Erik Røer/Norsk Ornitologisk Forening.