Like før klokka tre natt til laurdag fekk politiet melding om at ein person vart angripe av to personar i Hareid sentrum.

- Mannen hevda han vart sparka og slått. Politiet kom til staden og ein mistenkt mann i 20-åra er avhøyrd. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten.

Politiet har oppretta sak og tatt imot forklaring frå båe partane, men ingen er pågripe.

Slått i andletet

I Fosnavåg vart ein mann slått i andletet. Det var så alvorleg at det vart tilkalt ambulanse. Gjerningsmannen hadde forlatt staden då politiet kom.

Stygg køyring

Politiet fekk også tips om stygg køyring i Hareid, natt til laurdag. Ein mann i tjueåra køyrde både for fort og med promille. Politiet tok frå han førarkortet og melde han for den stygge køyringa.