Bent Arild Grytten orienterte formannskapet om at kommunane i fylket har fått brev frå Fylkesmannen om at det er sett av i underkant av 17,3 millionar ein kan søkje på i tilskot til breibanddekking.

I fjor vart det ikkje søkt om slik stønad frå Hareid kommune. Men det vart gjort noko førearbeid, der dei rekna ut at ei utbygging av breiband til Snipsøyrdalen og Almestranda vil koste 10–15 mill. kroner.

Nytt av året stiller Fylkesmannen krav og at kommunen må betale 25 prosent av kostnadene, om dei får tilslag på støtte. Tilskotet frå fylket skal ikkje vere på meir enn 50 prosent.

SSIKT har sett på om det kan vere aktuelt med ei fjordkryssing frå Liavåg til Vartdal, dette vil koste 3,8 millionar. – Det er ambisiøst, men det er håp om å få med kommersielle aktørar, sa Guttorm Rimstad til Hareid formannskap.

Grytten sa at det ligg inne 200 000 i kommunebudsjettet, men dei kan trenge meir. Det var stemning i formannskapet for at dette er noko Hareid må prøve på. Framtida er teknologisk, dette er noko innbyggjarane bør få. Grytten sa det kjem ei sak til kommunestyret om dette før søknaden blir sendt.