I 2016 starta Bakken plateselskapet Sailor Music. Grunnen var at han ville hjelpe artisten Hanne Mjøen opp og fram.

– Namnevalet kom delvis frå mi maritime interesse frå oppveksten i Ulsteinvik og delvis frå at artisten budde i Seilduksgata på Grünerløkka. Så utvikla det heile seg til å bli eit ordentleg plateselskap, fortel Håvard.

I dag jobbar selskapet med fire artistar; Hanne Mjøen, JIM, ÅSN og Inga.

I Berlin

I førre veke var Håvard i Berlin for å presentere den trønderske popartisten for tysk musikkbransje og potensielt nye fans på «Ja Ja Ja». Det er ein klubbkveld som vert arrangert i mellom anna Berlin, London og Wien i regi av dei nordiske musikkeksportkontora.

– Dette er ei veldig viktig plattform for norske artistar å få prøve seg i ein ny marknad. Det er også ei moglegheit til å sjå korleis ein må tilpasse seg. Det er stort for Hanne men også for oss, som eit lite plateselskap, seier Håvard.

Ingen ni-til-fire-jobb

– I tillegg er det veldig mykje som har skjedd dei siste månadene, vi har fått oss studio og kontor i Oslo, og vi jobbar med å utvikle fleire nye artistar. Hanne Mjøen har vorte ei internasjonal satsing der vi jobbar mot spesielt den skandinaviske, britiske og tyske marknaden. Det har vorte ein fulltids jobb som ikkje akkurat er ni til fire, men meir eller mindre ein livsstil, fortel Bakken.

Det er tre som styrer skuta i dag, og om ein reknar artistar og produsentar, består Sailor-familien av nærare 8–9 personar anslår Håvard, som ikkje vil bli kalla plateselskapsdirektør.

– Det er vel det ein ville ha kalla meg i gamle dagar, men vi liker best å berre bruke tittelen sailors på alle saman, smiler han.

Redda hotell

Sjølv om musikken og Sailor Music tek mesteparten av tida, har Håvard kasta nok ein ball i lufta.

– Eg har engasjert meg i å redde eit hotell på Lillehammer, så no er eg styreleiar for ein fantastisk stad i fjellet som heiter Nordseter Sportell. Mykje av fritida min brukar eg der oppe også, anten ved å gå lange skiturar om vinteren eller gå i fjellet om sommaren.

Sjølv om han no er basert på Austlandet har han på ingen måte gitt opp heimstaden.

– Om folk spør meg kvar eg kjem frå er jo svaret Ulsteinvik, og eg har ikkje tal på kor mange gonger eg stolt har vist fram kommunen sin skrytevideo på YouTube, humrar Håvard.

– I tillegg har eg eit auge med Hødd, så håper eg kjem meg til Ulsteinvik ein gong før sommaren for å besøke familien og få med meg ein fotballkamp.

Hanne Mjøen på scena i Berlin Foto: Thomas Kolbein Bjørk Olsen