– Hadde han til dømes budd og arbeidd i Paris ville han kanskje kunne ha slått gjennom og fått den anerkjenninga han fortener, trudde Gunnar Krogh-Hansen då han fortalde litt om den særprega hareidskunstnaren John Riise i samband med utstillinga som opna på Ulstein bibliotek sist fredag.

I staden budde og arbeidde Riise på Austlandet, før han flytte heim att til Hareid i 1933. Dei siste femten åra av livet sitt budde han i Syvde.

– Riise har fått ufortent liten plass i norsk kunsthistorie. Denne utstillinga kan vere eit lite steg på vegen til å løfte han opp der han høyrer heime, sa kunsteksperten frå Blomqvist Kunsthandel.

Krogh-Hansen meinte at bileta til Riise har, som god kunst skal, tolt åra som har gått.

– Trass i den manglande anerkjenninga her til lands, Riise heldt det gåande med arbeidet sitt sjølv om han var heilt åleine om å jobbe på denne måten.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Ulstein kommune, Ulstein bibliotek og Blomqvist Kunsthandel og vert ståande fram til søndag ettermiddag.

Barndomsminne

Unni Teigene Ulstein kunne fortelje om minna ho hadde om John Riise frå sin barndom på Hareid. Riise leigde rom på loftet hos foreldra hennar, Alfhild og Johannes og ho var titt og ofte opp på besøk.

– Han var veldig glad havrenøtter og kefir og det var eg også. Dersom vi gjekk tom for havrenøtter gjekk eg opp til han for å låne og omvendt. Og så likte han steikt sild. Han åt berre fisk med skjel på. Han trudde også at han var ein av dei utvalde slik at han ikkje kom til å døy. Eg byrja nesten å tru på det då han passerte 92 år, fortel ho. Ho har fleire bilete av John Riise som ho har fått i gåve av han.

John Riise var adventist og denne trusretninga gir mellom anna visse føringar når det gjeld kva ein kan og ikkje kan ete.

Formannen i Vonheims Venner, Johs. Klungsøyr, fortalde litt om arbeidet som interesseforeininga har lagt ned etter at dei overtok huset der John Riise og dei elleve syskena hans, alle gåverike på sitt vis, vaks opp. Han kunne fortelje at dei no i mai skal opne rommet der John budde for ålmenta, etter ei nitid restaurering.

Gunnar Krogh-Hansen fortalde at det var Audun Hopland, som han karakteriserte som eldsjel og patriot, som hadde sett i gang prosessen med å få Riise-utstillinga oppover til Hareidlandet. Kunsthandelen, som held til i Oslo, hadde ei utstilling med hareidskunstnaren i januar i år.

– Eg trur alle er einige i at alle tiltak som kan fremjar interessa for kunst er av det gode. I så måte er ein møteplass som biblioteket ein ypparleg stad å arrangere ei kunstutstilling, for då når ein gjerne folk som i utgangspunktet ikkje er så opptekne av kunst, seier Hopland som understrekar at dei likevel på ingen måte legg opp til at kommunen skal vere nokon konkurrent til andre som driv med kunstutstillingar.

John Olav Riise (1885 - 1978)