– Den 5. mars tok det til å brenne med oss, fortel Ola Leikanger som bur på Leikong.

Dette skjedde i 11-tida på føremiddagen medan han låg på sofaen. Alarmen gjekk og han ringde brannvesenet.

Leikanger gjekk til rommet det kom røyk frå, men han høyrde det knitra godt bak døra, det var tydeleg at der brann godt. Han rekna med at det tok si tid før det kom brannmannskap, så han gjekk for å hente seg ein spylarslange for å få sløkt brannen sjølv.

– Då fekk eg hakeslepp, for brannmannskapet kom så fort, fortel Leikanger.

Dei første som kom på pletten var nemleg brannbilen frå Myrvåg. Dei arbeidde raskt og fekk sløkt brannen. Skadane vart avgrensa til eit rom. Hadde dei kome 3–4 minutt seinare ville heile huset vore overtent og ikkje til å redde.

Det tok 15–20 minutt før brannbilen frå Herøy Brannstasjon kom. Då var brannen sløkt. – Hadde eg måtte vente på dei hadde ikkje huset stått der i dag. Huset vart berga for at dei kom tidleg frå Myrvåg, slår Leikanger fast.

Huset hans er for skadd til at han kan bu i det no, men til jul kan han flytte inn igjen, noko han ser fram til. – Om husa og liva våre er mindre verdt enn dei 800 000 kronene dei sparer, ja då kan dei leggje ned stasjonen, seier han oppgitt.

– Forslaget om å leggje ned stasjonen var som å kakke meg i andletet med ein spade, sukkar han.

– Ikkje forsvarleg

Lars Ivar Moldskred, som er verneombod i Herøy Brann og redning, og tilknytt stasjonen i Myrvåg meiner det er galskap å leggje ned stasjonen.

– Det er over hovudet ikkje forsvarleg, slår han fast. Det er ikkje berre i tilfelle brann dei rykkjer, ut. Dei rykkjer også ut til andre store hendingar, som bilulukker. Og indre Herøy er eit område der folk køyrer fort og trafikken aukar.

– Det er noko stort sprøyt at stasjonen i indre ikkje kan gjere noko. Me har hatt ei rekke hendingar der me har redda liv og hus, fortel han.

Han meiner det strir mot regelverket å leggje ned stasjonen i Myrvåg. Leikong er no definert som ein tettstad, det gjer at utrykkingstida skal vere på maksimalt 20 minutt i fartsgrensekøyring frå alarmen går til dei er i aksjon på hendingsstaden. Ingen er i nærleiken av å slå Myrvåg på utrykkingstid.

Meir enn ein bil: Myrvåg brannstasjon er meir enn ein brannbil. Dei har røykdykkarar og brannkonstablar som går vakter. Dei rykker ut om der skjer noko som har med brann eller redning å gjere. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Myrvåg: Innbyggjarane i indre Herøy synest ordninga med brannstasjon i Myrvåg fungerer veldig godt. Dei synest det er arrogant av kommunalsjefen å kalle det ei femdelt sjåførvakt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide