Onsdag er formannskapet og kommunestyret kalla inn til ekstraordinære møte. Det står to saker på saklista. Det eine er oppretting av heimevernsnemnd, det andre er revidert budsjett for rehabilitering av Hareid rådhus.

Det står i sakspapira til møtet at saka rehabilitering av rådhuset diverre har kome skeivt ut frå starten, og at det no er viktig å få henne i hamn på ein trygg måte. Val av vegen vidare handlar om politiske prioriteringar, difor har rådmann vald å greie ut saka med tre ulike alternativ som politikarane kan velje mellom.

Starta med rømmingsvegar, lysarmatur og takhimlingar

I 2014 vart det gjort ei brannteknisk tilstandsvurdering som avdekte fleire avvik. For utbetring av desse er det nytta ein tiltakspakke på 300 000 kr (2017), men det viser seg at det trengst meir pengar.

I 2016 vart det avdekt PCB-haldig lysarmatur på rådhuset, og det vart avsett pengar til utbetring av dette på 2,5 mill. i 2017-budsjettet. Inkludert i denne løyvinga er pengar til ny himling og arbeid med ventilasjon.

Dårleg isolert

Hareid rådhus har eit stort varmetap gjennom dårleg isolerte ytterveggar, gamle glas som slepp ut varmen og ròteskadar.

– Dette har allereie ført til luftlekkasjar og på sikt kan det medføre muggsoppdanning, heiter det i saksutgreiinga.

Måtte flytte ut

Det var lagt til grunn at ein skulle utføre arbeidet med skifte av lysarmatur og himling utan erstatningslokale, men det viste seg å vere så belastande for personalet at dei måtte flytte ut. Så rådhuset vart mellombels flytta til Myravegen, der kommunen betaler ei husleige på 100 000 kr i månaden.

Meir pengar

I november vart det løyvd 400 000 kr ekstra til renovering av rådhuset. Og under budsjettet for 2018 vart det lagt inn 10,2 mill. kroner.

I etterkant av budsjettvedtaket vart det i møte med ordførar, varaordførar, økonomileiar og rådmann avklart at det i budsjettvedtaket den 19. 12. 17 mangla 2 mill. inkl. mva. Det vart då avtalt at dette skal justerast i budsjettrevisjonen.

Etter gjennomgang av innkomne tilbod på vegger, vindauge og dører på den eine sida av varmeanlegg på den andre sida, viser det seg at tilboda har høgare pris enn det er budsjettert med. Difor må det løyvast meir pengar om renoveringa skal gjennomførast.

Alternativ 1

Det eine alternativet er å droppe skifte av fasade og radiatorar. Påbyrja arbeid med himling/lys/ventilasjon blir sluttført og naudsynte brannsikringstiltak blir utført i tråd med saksutgreiinga.

Då er prislappen 4,4 mill. kr og ein reduserer låneopptaket med 5,48 mill. kr.

Alternativ 2

Det andre alternativet er at ein fullfinansierer rehabilitering av rådhuset, men nyttar panelomnar i staden for vassboren varme. Då skiftar ein ut vindauge og fasade og utfører brannsikringstiltak slik det går fram av saksutgreiinga.

Prislappen blir 19,4 mill. kr. Då må ein auke låneopptaket med 6,52 mill. kr.

Alternativ 3

Det tredje alternativet er å fullfinansiere rehabilitering av rådhuset ved å etablere nytt anlegg for vassboren varme. Ein skiftar vindauge og fasade og utfører brannsikringstiltak slik det går fram av saksutgreiinga.

Prislappen blir då 23,4 mill. kr og ein må auke låneopptaket med 9,22 mill. kr.