Måndag var fyrste skuledag for elevane ved Ulstein ungdomsskule. Det betyr også det fyrste møtet med ungdomsskulen for ei rekkje 8.-klassingar.

– For somme kan det vere utfordrande å byrje på ein ny skule, med nye klassekameratar og nye lærarar. Eg har eit inntrykk av at miljøet ved Ulstein ungdomsskule er bra, men det betyr ikkje at vi skal slengje beina på bordet. Vi må heile tida jobbe for å sjå kvar enkelt, for det vil alltid vere nokon som føler seg meir utanfor enn andre, seier Marie Flatin, koordinator i Mot Ulstein og ungdomsarbeidar i Ulstein kommune.

Elevane engasjerer seg

Fleire av elevane ved skulen har også engasjert seg i MOT. Johanna Kleinøder, Gustav Moldskred Haddal og Anna Ulfstein ynskte å vere med i den haldningsskapande organisasjonen.

– Vi vil hjelpe dei som ikkje har så mange vener, eller som føler seg åleine. Somme har kanskje ein tung overgang frå barneskulen til ungdomsskulen. Vi vil hjelpe dei som treng det, seier trioen.

Alle klassene på ungdomsskulen fekk måndag besøk av MOT-informatørar. I løpet av dei tre åra ein elev går på ungdomsskulen, kjem MOT på om lag 15 besøk.

– Vi tek opp ulike tema som går på grunnverdiane til MOT, det å bry seg, å leve og å seie nei. For oss i MOT Ulstein handlar det om å skape trygge oppvekstmiljø i kommunen. MOT er eit program, som også politikarane har gått inn for, som eg føler gjer nettopp det, seier Marie Flatin.

– Nullvisjon

Einar Vik Arset er ikkje berre rådmann i Ulstein kommune, han er også leiar for MOT Ulstein.

– Ungdata-undersøkinga for 2013 viser at tala på dei som blir mobba er låge i Ulstein, men dei ligg ikkje på null. Vi har ein klar nullvisjon, og ynskjer sjølvsagt at ungdommane våre skal ha det bra. Det er viktig for meg at ingen blir sitjande på ein benk for seg sjølv, og ikkje blir sett. Saman med ungdommane på Ulstein ungdomsskule skal vi jobbe for at det ikkje skal skje.

Film og redigering: Stephan Borgund.

MOT-gjengen: Bak f.v.: Asbjørn Vattøy, Anna Ulfstein, Anna Haddal, Monica Koppen, Gustav Hasund og Oda Hauge. Midten f.v. Hans Olav Sundal, Andreas Alexander Sæbø, Julie Våge, Astrid Oline Roppen, Synne Stokkevåg Berg og Johanna Kleinøder. Framme f.v. MOT-leiar og rådmann Einar Vik Arset, MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin, MOT-informatør og lærar/sosiallærar Torill Vågen Vattøy, MOT-informatør og helsesøster Wenche Gjerde Sætre, MOT-informatør og lærar Mary Ann Brandal og rektor Jostein Vartdal. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll